Elektrofag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eletronikklaboratorium.

Elektrofag, eller elektro er eit samlande omgrep som femnar om både elektromagnetisme, elektroteknikk og elektronikk.

Ein deler tradisjonelt elektrofag i elkraft og elektronikk (av og til kalla «svakstraum»).

Elkraft[endre | endre wikiteksten]

Elkraft handlar om generering, distribusjon og bruk av elektrisk energi med spenningar over 50 V. Grensa på 50 V er set på grunn av sikkerheit.

Elektronikk[endre | endre wikiteksten]

Elektronikk (svakstraum) femnar om analog- og digital elektronikk. Mange fagfelt som telekommunikasjon, signalhandsaming, kybernetikk, mekatronikk, som tradisjonelt vert vore rekna som elektrofag, byggjer like mykje på matematikk som på elektro. Grunnen til at dei vert rekna som elektrofag er at dei tradisjonelt nyttar teknologi som høyrer inn under elektromagnetisme, elektronikk og elektroteknikk og at teknologien ofte er utvikla i elektrofagmiljø.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Elektrofag vert undervist ved universitet og høgskular og det er eit av ni yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]