Elektrofor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elektrofor frå 1800-talet.

Ein elektrofor er ein kapasitiv generator som vert nytta til å produsere elektrostatisk ladning via prosessen elektrostatisk induksjon. Den første utgåva vart oppfunnen i 1762 av den svenske professoren Johan Carl Wilcke,[1]

Ein elektrofor består av ei isolerande plate (opphavleg kalla ei «kake» av harpikshaldig stoff som bek eller voks, men i moderne versjonar vert plastikk nytta) og ei metallplate med eit isolerande handtak.[2] Først vert den isolerande plata ladd gjennom friksjonselektrisk effekt ved å gni han mot pels eller eit tøystykke. Metallplata vert så plassert oppå den isolerande plata. Isolatoren overfører ikkje mykje av ladningen til metallet, fordi den mikroskopiske kontakten er dårleg. I staden for vil det elektrostatiske feltet til den ladde isolatoren føre til ladning i metallplata for at dei skal fråskiljast. Det vert utvikla to ladningsområde - den positive ladningen i plata vert tiltrekt til sida som vender ned mot isolatoren, og ladar denne positivt, medan den negative ladningen vert fråstøytt til sida som vender oppover, og lader denne negativt, medan heile plata totalt sett vert elektrisk nøytral. Sida som vender oppover vert mellombels jorda (som kan gjerast med å røre plata med ein finger), og trekke ut den negative ladningen. Til slutt vert metallplata, som no berre inneheld ein ladning (den positive i dømet her) løfta.[3] Plata kan no nyttast i eksperiment.

Georg Christoph Lichtenberg nytta elektroforar til å skape dei merkelege treliknande figurane kalla Lichtenberg-figurar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pancaldi, Giuliano (2003). Volta, Science og Culture in the Age of Enlightenment. Princeton Univ. Press. ISBN 0691122261. , s.73
  2. «Electrophorus». Encyclopaedia Britannica, 11th Ed. 9. The Encyclopaedia Britannica Publishing Co. 1910. Henta 26. februar 2011. , s.237
  3. Jones, Thomas B. (2007). «Electrophorus and accessories». Thomas B. Jones website. Univ. of Rochester. Henta 26. februar 2011.