Elektroluminescens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Animasjon av LCD-skjerm med elektroluminscerande baklys.

Elektroluminescens (EL) er eit optisk og elektrisk fenomen der eit stoff sender ut lys når det går elektrisk straum gjennom det eller det stoffet vert utsett for eit kraftig elektrisk felt. Dette er forskjellig frå svartlekamstråling som kjem av varme (kvitgløding), frå kjemiske reaksjonar (kjemoluminescens), lyd (sonoluminescens) eller andre mekaniske prosessar (mekanoluminecens).

Elektroluminescens kjem av strålingsrekombinasjon av elektron og hol i eit stoff, vanlegvis ein halvleiar. Dei eksiterte elektrona frigjev energi som foton - lys. Før rekombinasjonen kan elektrona og hola vere fråskilde av anten å doppe stoffet for å danna ein pn-overgang (i elektroluminescens i halvleiarar apparat som lysdiodar) eller gjennom eksitering av at elektrona vert trefte av andre elektron med høg energi akselererte gjennom sterke elektriske felt (som med fosfor i lysdisplay).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]