Elektromagnetisk kanon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein elektromagnetisk kanon med tre spolar, eit løp og eit ferromagnetisk prosjektil.

Ein elektromagnetisk kanon er ein kanon der prosjektilet vert trekt fram gjennom kanonrøyret av magnetfeltet frå straumførande spolar som ligg kring kanonrøyret. Etter kvart som prosjektilet flyttar seg framover, skiftar straumen over på nye spolar, slik at prosjektilet stadig vert trekt framover. Carl Friedrich Gauss formulerte matematiske skildringar for den magnetiske effekten som slike magnetiske akseleratorar nyttar, så kanonen vert òg stundom kalla Gausskanon.

Kristian Birkeland konstruerte i 1902 den første elektromagnetisk kanonen. Denne vart demonstrert for ei forsamling i Universitetet i Oslo. Han oppnådde å gje eit prosjektil på 10 kg ein fart av 50 m/s. Den russiske professor A. A. Koroljkov gjorde utrekningar for ein elektromagnetisk kanon med 15 cm kaliber for 40 kg prosjektil og ein snøggleik på 800 m/s. Skytesnøggleiken skulle vere 200 skot i minuttet. Til kanonen ville ein trenge eit kraftverk på 100 000 kW. Elektromagnetiske kanonar er visstnok aldri blitt brukt i praksis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]