Elektronisk musikk
Elektronisk musikk er musikk som er laga, eller jobba med, av elektronisk apparatur og oftast lagra på eit elektronisk medium. Utgangspunktet for elektronisk musikk kan vera all slags lyd, som kan registreres (analogt eller digitalt) og deretter arbeidast med på ei rekkje ulike måtar.
[endre] Historikk
Forløparane for elektronisk musikk kom allereie tidleg på 1900-talet, t.d. Edgar Varèse. Det er likevel komponisten Pierre Schaeffer som vert rekna som skaparen av musikktypen, då han komponerte ein "støykonsert" concert de bruits som vart sendt på fransk radio i 1948. Omgrepet Schaeffer brukte om denne musikken var musique concrète - ('konkret musikk'). Noko seinare kom studioet ved kringkastingsstasjonen i Köln i gang med sin elektronische Musik, skapt av komponisten Herbert Eimert og fysikaren Werner Meyer-Eppler, seinare òg komponisten Karlheinz Stockhausen. I USA brukte ein omgrepet tape music.
I Norden var komponistane Bo Nilsson og Bengt Hambræus dei fyrste, i Noreg vart det Gunnar Sønstevold og Arne Nordheim. Produksjon av elektronisk musikk kravde store tekniske ressurser i byrjinga, og det vart oppretta ei rekkje studio for elektronisk musikk i fleire land, gjerne tilknytt kringkasting, universitet eller andre institusjonar.
Frå midten av 60-åra vart teknologien frå dei eldre elektrofonistudioa gradvis erstatta av synthesizer-teknikken, som etter kvart gjorde teknologien tilgjengeleg for fleire. Utviklinga innan digital lyd og datateknologi har forsterka denne prosessen veldig, slik at datastyrte synthesizere (MIDI) og digitalisert (sampla) lyd er praktisk tilgjengeleg som komposisjonsverktøy i dag. Dette har ført til at ein ikkje har funne grunnlag for å oppretthalda ei estetisk inndeling av av elektronisk musikk, slik ein gjorde i 50-åra.
Allereie på 60-talet tok rockeband som Pink Floyd til å nytta elektronisk musikk i låtane sine, og den elektroniske musikktypen hip-hop voks fram frå 70-talet.
[endre] Elektronisk musikk i dag
No som folk flest kan produsera denne musikktypen ved hjelp av ei vanleg datamaskin, har elektronisk musikk forgreina seg til eit stort mangfald. Ein kan kombinera elektronisk musikk med vokal, med andre instrument, eller laga elektronisk musikk utan andre analoge hjelpemiddel. Nokre døme på sjangrar som har utvikla seg frå den elektroniske musikken er techno, dance og trance. Techno er altså ein undersjanger, og tilsvarar ikkje omgrepet elektronisk musikk, slik mange trur.
Nokre norske artistar som spelar elektronisk musikk i ulike sjangrar er: Röyksopp, Galaxee, Kim Hiortøy, Il Caesar, Ralph Myerz and the Jack Herren Band, Ugress og hip-hopparen Tommy Tee.
[endre] Kjelder
- Byrjinga av artikkelen er omsett frå Store Norske Leksikon, skrive av Trond Olav Svendsen.
- Bokmålswikipedia om Elektronisk musikk.