Elektronmultiplikator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kontinuerleg dynode elektronmultiplikator

Elektronmultiplikator er eit apparat som vert nytta til å forsterke ein elektronstraum. Sjølve forsterkinga skjer ved hjelp av sekundæremisjon frå metall.

Elektronmultiplikatoren består av eit vakuumrøyr med ein katode og fleire andre elektrodar, som er sett opp slik at den primære elektronstraumen fell på den første av elektrodane og utløyser sekundærelektron frå denne. Dei treffer så den neste elektroden i rekkja og utløyser på nytt sekundærelektron osv. Ved høvande val av elektrodemateriale og spenninga på elektrona kan ein oppnå at det blir mange fleire sekundærelektron enn innfallande primærelektron, og det blir derfor ei forsterking av elektronstraumen.

Elektronmultiplikatoren vert særleg nytte til å registrere svake lysstraumar. Katoden vert då gjort lyskjenslevar og sender ut fotoelektron når han vert treft av lys. Brukt på denne måten vert han ofte kalla fotomultiplikator.

Elektronmultiplikatoren vart oppfunnen av amerikanaren Vladimir Kosma Zworykin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]