Elektronpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MO-skjema som syner kovalent (venstre) og polarkovalent (høgre) binding i eit to-atomig molekyl. I begge tilfellet vert det skapt ei binding ved danninga av eit elektronpar.

Eit elektronpar er to elektron som flyttar seg i same bane i eit atom eller eit molekyl, men med motsette spinnretningar. Sidan det i følgje pauliprinsippet berre kan vere eitt elektron i kvar tilstand og elektronet har to spinntilstandar, vil det vere plass til eit elektronpar i kvar bane, og elektrona vil syne ein sterk tendens til å opptre i par slik at dei banane eller tilstandane der elektrona har minst energi vert heilt fylte.

Det vert òg kalla eit elektronpar når eit elektron og eit positron dannar eit par ved materialisasjonena av eit gammakvant (pardanning) eller vert utsletta under danninga av gammastråling (annihilasjon).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]