Elektronspektroskopi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektronspektroskopi er ei form for spektroskopi der det vert danna spektrallinjer frå utsendte elektron frå eit materiale, ikkje frå utsendt lys som ved vanleg spektroskopi.

Vanlegvis vil ei eksiteringskjelde som røntgen, elektron eller synkrotronstråling sende ut eit elektron frå det inste elektronskalet til eit atom. Å finne fotoelektron som er sendt ut av røntgenstråling vert kalla røntgenfotoelektronspektroskopi (XPS) eller elektronspektroskopi for kjemisk analyse (ESCA). Å finne elektron som er sendt ut frå høgare elektronskal for å spare på energi under elektronovergangar vert kalla Auger-elektronspektroskopi (AES).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]