Elektrostriksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elektrostriksjon (av elektro- og latinsk «trekkje saman») er ein eigenskap hos alle elektriske ikkje-leiande stoff, eller dielektrikum, som gjer at dei endrar form når dei vert utsette for eit elektrisk felt. Det vert særskild nytta om dei deformasjonane som er uavhengig av om retninga på det elektriske feltet vert reversert.

Elektrostriksjon er ein eigenskap ved alle dielektrika og skil seg frå den motsette effekten, piezoelektrisitet, som berre finst i einskilde, piezoelektriske material. Elektrostriksjonen er omtrent proporsjonal med den elektriske susceptibiliteten, med den elastiske stivleiken og med kvadratet av feltstyrken. For dei fleste stoffa er elektrostriksjonen liten, men for einskilde keramiske material er han så stor at han kan utnyttast praktisk til å generere lyd- og ultralydbølgjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]