Elephant Moraine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elephant Moraine
morene
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 76°17′S 157°20′E / 76.283°S 157.333°E / -76.283; 157.333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Elephant Moraine
76°17′00″S 157°19′59″E / 76.2833°S 157.333°E / -76.2833; 157.333
Elephant Moraine is located in Antarktis
Elephant Moraine (Antarktis)

Elephant Moraine er ein isolert morene, 5,5 km lang, 27 nautiske mil vest for Reckling Peak, vest for enden av Mawsonbreen i Victoria Land. Morenen, som i somme rapportar vert skildra som ein iskjernemorene, ligg langs ein lang, small lapp med berr is som strekkjer seg vestover frå Reckling Peak i 60 nautiske mil. Morenen vart oppdaga på amerikanske satellittbilete i 1973 og frå flyfoto tekne samstundes av William R. MacDonald frå United States Geological Survey, som opphavleg skildra morene for William A. Cassidy som ein «ein mogeleg nunatak med ein kontur som minna om ein elefant.» Fleire feltgrupper frå United States Antarctic Research Program leia av Cassidy leita og fann meteorittar i denne morenen i 1979–80. Det skildrande namnet vart godkjend av Advisory Committee on Antarctic Names i 1989.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Elephant Moraine» (innhald frå Geographic Names Information System).