Elephanta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå elephantavind.
Elephanta
øy
Land  India
Stat Maharashtra
Areal km²
Folketal 1 200
Kart
Elephanta
18°57′45″N 72°56′02″E / 18.9625°N 72.933888888889°E / 18.9625; 72.933888888889
Wikimedia Commons: Elephanta Island

Elephanta (òg kalla Gharapuri eller Pory Island[1]) er ei øy aust for Mumbai i India. Ho er ei av mange øyar i hamnebassenget til Mumbai. Ho er kjend for sine mange holer og tempel skorne ut av fjellet. Elephantaholene er rekna som verdsarv av UNESCO.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elephanta er danna av to åsar med eit søkk imellom.[3] Øya har eit areal på 16 km² (10 km² ved høgvatn)[4] og ligg på 18,95"N. 72,93"E. Området ligg i Raigad-distriktet i Maharashtra.

Øya er dekt av skog med palmar, mango- og tamarindtre.

Elephanta er kjend for sine mange apekattar, som det skal finnast fleire av enn menneske.[5] Desse er kjende for å stela mat frå vitjande.[3]

Tilkome[endre | endre wikiteksten]

Kaien på Elephanta sett frå Elephanta-holene.

Øya er eit populært turistmål og er lett tilgjengeleg med ferje frå Mumbai. Ho ligg om lag 10 km frå søraustkysten av byen. Det går ferjer dagleg frå Gateway of India, og turen tar ein time kvar veg. Frå brygga på øya går det ein sti med trapper opp til dei berømte hòlene. Det går òg eit lite smalspora tog opp frå brygga, om lag 600 meter. Det er ein kiosk på toppen som sel mat og drikke, i tillegg til lokale seljarar langs stien.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skisse av elefantstatuen frå 1786

Det kan ha budd folk på øya så tidleg som det 2. hundreåret f.Kr. Ein gong var ho hovudstad i eit mektig lokalt kongedømme. Utskjeringane på øya blei for det meste laga frå 400- til 700-talet. Dei fleste er vigde hinduguden Sjiva, men det finst også fleire buddhistiske stupaer på øya.[6] Øya er kjend som Gharapuri etter ein busetnad sør på øya.[4]

Namnet Elephanta island (portugisisk ilha do Elefante) blei gjeve henne på 1500-talet av portugisiske oppdagarar etter at dei såg ein stor basaltskulptur av ein elefant nær inngangen til ei hòle. Dei bestemte seg for å ta med seg skulpturen tilbake til Portugal, men måtte gje opp då dei mista han i sjøen fordi dei ikkje hadde sterke nok kjettingar. Seinare blei skulpturen berga av britiske kolonistar og flytta til Victoria gardens og seinare til Victoria and Albert Museum (no Dr. Bhau Daji Lad Museum) i Mumbai.[7]

På toppen av øya er det to engelske kanonar frå kolonitida.

Innbyggarar[endre | endre wikiteksten]

Fiskebåtar frå øya.

Elephanta har om lag 1 200 innbyggarar[5] som lever av turisme, fiske og båtreparasjonar. Det blei tidlegare drive jordburk her, men det blei avvikla på 2000-talet på grunn av skade frå apekattar.[8] Det er ingen vegar på øya.[5] Elepehanta fekk noko elektrisitet på 1980-talet, då det blei innført dieselgeneratorar. Fyrst i 2018 blei ho kopla til straumnettet.[5]

Det er tre landsbyar på øya: Shentbandar, Morabandar, og Rajbandar.[9] Hòlene ligg ved Shentbandar. Morabandar har tett skog. Turistar har ikkje løyve til å overnatta på øya.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Da Cunha, D. Gerson (1993), The Origin of Bombay, s. 96 
  2. Centre, UNESCO World Heritage, «Elephanta Caves», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 21. august 2022 
  3. 3,0 3,1 S, Addy (22. juni 2022), «Sunset Ferries & Ancient Caves: Why Elephanta Island Is Famous», TheTravel (på engelsk), henta 21. august 2022 
  4. 4,0 4,1 «Elephanta Island | Description & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 21. august 2022 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Photos: Electricity finally reaches Mumbai’s Elephanta Island», Hindustan Times (på engelsk), 31. mars 2018, henta 21. august 2022 
  6. 6,0 6,1 Das, Soumitra (4. januar 2020). «The ancient carvings at Elephanta Caves are fading, and no one cares». The Hindu (på engelsk). ISSN 0971-751X. 
  7. HT Cafe, Mumbai, Monday, June 4, 2007 s.31 - Article 'Lord of the Islands" by Jerry Pinto
  8. «Raigad district administration gives nod to reopen Elephanta Caves for tourists», Hindustan Times (på engelsk), 14. oktober 2021, henta 21. august 2022 
  9. «Raigad district administration gives nod to reopen Elephanta Caves for tourists», Hindustan Times (på engelsk), 14. oktober 2021, henta 21. august 2022