Elfquest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Elfquest (Alvefolketnorsk), er ei amerikansk teikneserie som vart påbyrja i 1978, og opphavleg skapt av ekteparet Wendy Pini og Richard Pini. Serien kan reknast til fantasy-sjangeren, med ein dose science fiction blanda inn.

Elfquestverda[endre | endre wikiteksten]

Handlinga i teikneserien går føre seg på ein planet med to månar, der det først og fremst bur menneske, men attåt mytiske vette som alvar, troll og andre vesen. Alvane er skilde i ulike stammar, og handlinga i serien følgjer lagnaden til ulveryttarane, ei særskild grein av alvar, og hovdingen deira, Cutter (Skarpegg på norsk). Nemninga «quest» viser til den opphavlege soga, som er ei leiting etter opphavet til alvane på den tomåna planeten, og kvifor dei er der.

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

Alvane, trolla og dei fe-liknande spinnarane kom opphavleg frå ein annan planet. Folket der, som liknar noko på klassiske romvesen, med langstrakte kroppar, kjegleforma skallar og store auge, lærde seg å nytte ulike slag trolldom før dei laga til store romskip dei nytta for å leite etter liv på andre planetar. Eit av desse skipa tok med seg dei siste levande skapnadene på den opphavlege verda, jordgravande apar og små fivreld-liknande dyr. Trolldomskrafta i skipa gav desse skapnadene vit og æveleg liv likt med dei som styrde, og utvikla seg til troll og spinnarar.

Om bord på dette skipet var det ei gruppe som ville vita om lagnaden til dei andre skipa, og valde den vesle planeten med to månar som mål for ei utforsking. Dei skjøna at menneska der nede åtte eit folkeminne der det levde skapnader like med dei sjølve, og dei valde å lande skipet i det som var mellomalder på den planeten. Nett då di skulle lande tok trolla over og sende skipet kvervlande utor leia. Det landa mange tusen år før dei hadde tenkt det, i tidleg steinalder.

Skapnadene på skipet evna å skifte ham og let, og ville syne seg som alvar for dei menneska dei møtte. Då dei råka dei tidlege steinaldermenneska kom det til at dei skremde menneska drap dei, og jaga dei bort. Skipet, som var gjort om til eit slott, vart ståande tomt i mange år, medan alvane rømde av og tilpasse seg verda. I løpet av nokre ættled var dei kropne ned i storleik til det halve, og dei første alvane vart kalla Dei høge, og rekna som ei ærefylt fortid. Den opphavlege Elfquest-soga er soga om korleis ulveryttarane fann slottet/romskipet att.

Ulveryttarane[endre | endre wikiteksten]

Ei alvekvinne av Dei høge, var ein hamskiftar dei kalla Timmain. Ho skjøna det var naud for mat, av di det med tida vart meir og meir istid nord i den verda der folket hennar budde. Ho gjorde seg om til Ho-ulv for å berge folket sitt, men omskiftet var så godt gjort at alvane ikkje makta kalle ho attende i opphavleg form. Timmain fekk ungar med ein ekte ulv, eit blandingsbarn som var kalla Timmorn. Han vart den første ulveryttarhovdingen, og fekk ei etterslekt som bar i seg blod av både alvar og ulvar. Dette folket lever etter skikken til indianarane i Nord-Amerika, veider med spjut og pil og boge, fangar dyr og lever av det dei finn. I løpet av ti ættleder voks dei under hovdingane sine: Timmorn Yellow-eyes (Gulauge), Rahnee Ho-ulven, Prey-pacer (Viltjeger), Two-spear eller Swiftspear (Tvespjut), Huntress Skyfire (Hojeger skyloge), Tanner (Garvar), Goodtree (Godtre), Mantricker (Mannesnarar), Bearclaw (Bjørneklo) og endeleg Cutter (Skarpegg), hovudpersonen i serien.

Menneska i skoglandet der ulveryttarane bur er ikkje glade for å ha dei der. Med tida vert det til fiendskap mellom stammane, og på byrjinga av den opphavlege soga brenn sjamanen til menneska av skogen for å jage dei ut. Ulveryttarane søkjer ly hjå trolla, som lurer dei vidare til ein stor sandmo eller ørken, der det er meininga dei skal gå under. Dei greier seg, og kjem fram til ei anna alvegruppe, Solfolket, som bur midt i ørkenen. Cutter vert hugteken av dottera til ein av desse, Leetah, og som soga held fram, må han tevle om handa hennar med den fremste jegeren i gruppa, Rayek. Rayek reiser bort, og dei to får eit tvillingpar, Embers og Suntop.

Den første soga handlar om korleis Cutter og venen hans, Skywise (Lille Vismann i Semic si utgåve), tek ut for å finne andre alvar. Dei møter mellom anna Svevarane, eit gamalt alvefolk med stor kraft og kunne, og dei meir stridshugne Snøkrigarane. Saman med desse vinn dei det opphavlege slottet attende, og møter att Timmain, stammora si.

Ulveryttarstamma[endre | endre wikiteksten]

  • Cutter (Skarpegg) er hovding for flokken det meste av serien. Sjelenamnet hans er Tam.
  • Skywise (Lille Vismann i Semic-utgåva) er sjelebror av Cutter og næraste rådgjevaren. Han likar best å sjå på stjernene, noko som forklarar namnet hans. Han var son av Shale og Eyes High, som båe vart drepne av to gutar frå menneskelandsbyen. Ulveryttarane fann han, og han vart fostra opp som Cutters eldre bror. Sjelenamn: Fahr.
  • Nightfall (Skyming eller Skumring), er på same alder som Cutter og nær ven. Ho er ein dugande bogeskyttar. Sjelenamn: Twen. Dotter av Longbranch og Brownberry.
  • Redlance (Raudlanse), er «Livsvenen» til Nighfall, og treformaren i stamma. Han er god med ei lanse, og har raudt hår. Sjelenamn: Ulm.
  • Tyleet er dotter av Nighfall og Redlance. Ho syner seg ikkje før seint i serien, i forteljinga Kings of the brokem wheel (ikkje utgjeve på norsk). Ho er godhjarta og ein menneskeven. Sjelenamn: Sohn.
  • Pike (Spjutodd) er forteljaren i flokken, lever einsleg og er glad i Draumeber, eit berslag som verkar på alvane som alkohol på menneska. Han er son av heilaren Regn, som vart drepen av beistet Madcoil (Vanvet).
  • Rainsong (Regnsang) er søster av Pike, og mor til tre born. Newstar, (Nystjerne), Wing (Vinge) og Mender (Bøtar).
  • Woodlock (Trelokk) er «gift» med Rainsong og far til borna hennar. Av di dette paret fekk så mange born, vart han kalla «livgjevar» av dei andre i flokken. Han og Rainsong og sonen Wing døydde av elde i Kings of the Brokem Wheel.
  • Strongbow (Barske Bue i den opphavlege norske utgåva), er den fremste bogeskyttaren i flokken. Han talar mest aldri, og nyttar berre tanken for å ytre seg. Han meiner tanken er betre enn ordet, skal han få fram bodskapen sin. Sjelenamn: Wyl.
  • Moonshade (Måneskugge) er «gift» med Strongbow og garvar i flokken. Ho gjer klede til dei andre. Sjelenamn: Eyrn. Saman hadde dei dottera Crescent (halvmåne), som vart drepen av menneska. Dette førte mest til at faren tok livet sitt i hemntørst mot menneska.
  • Dart (Pil) er sonen til Strongbow og Moonshade. Han valde å vera att i Sol-landsbyen då folket hans reiste derfrå i den opphavlege serien. Han fekk familie i Solfolket. Sjelenamn: Dyrr.
  • One-eye (Einauge), heitte opphavleg Woodhue, men skifte namn då menneska stakk ut det eine auget hans. Han var ein av dei eldste i flokken, og bror av Longbranch (Langgrein), far til Nightfall (mor hennar var Brownberry/Brunber). Ein-auge fall i kamp med trolla mot enden av den opphavlege serien. Sjelenamn: Sur.
  • Clearbrook var kona til One-eye, og i grunnen ei blid sjel. Etter at One-eye døydde, vart ho vill som ei furie og hemntørst på trolla som hadde drepe han. Det tok tid før ho kom seg etter sorga.
  • Scouter (Speidar), sonen til Clearbrook og One-eye. Han «vedkjende» Tyleet i serien Shards (ikkje utgjeve i Noreg). Sjelenamn: Jial.
  • Treestump, (Rotsterk eller Trerot), den eldste og sterkaste i flokken. Han var bror av Joyleaf (gladlauv/Grønne Glede), mor til Cutter. Han er rådgjevar og nest hovdingen i rang.
  • Dewshine (Morgondogg), er dotter av Treestump og den avlidne Rillfisher (Bekkfiskar). Ho var lenge i lag med Scouter, men vedkjende og fekk barn med svevaren Tyldak. Sonen heiter Windkin (Vindbror). Sjelenamn: Lree.

Hovdingane[endre | endre wikiteksten]

  • Timmorn Yellow-eyes, første hovding, var son av Timmain og ein ekte ulv. Han vart fostra av alvane, og med tida teken til hovding. Han var den første som bar sjelenamn, truleg namnet Timmorn, og merka at han heller ville gå under ulvenamnet Yellow-eyes (Gul-auge). Slik stadfesta han at kvar ulveryttar har to namn, eit for alvesjela, og eit ulvenamn til dagleg bruk. Han vedkjende Valloa/Murrel, og fekk fleire born med ho.
  • Rahnee Ho-ulven var eldst av borna hans Timmorn, og tok hovdingtittel etter han som andre hovding. Ho vedkjende Zarhan Snøggeld, som og gav ho alvenamnet Rahnee. Før det var ho einast "ho-ulven". Ho fekk fleire born, mellom desse Prey-pacer.
  • Prey-pacer (byttejegar), var frå byrjinga kalla Prune-pit. Han var tredje ulveryttarhovdingen, og den første til å tankelesa med ulvane, ei evne slekta etter han tok vare på. Prey-pacer hadde to vedkjende: Wreath og Softfoot. Softfoot var ømfota og dårleg til beins, men vart mor til Tvespjut. Wreath vart mor til Skyfire.
  • Two-spear, den fjerde hovdingen, er kjend for villsinnet sitt, og evna å nytte to spjut. Illhugen hans førte han og ulveryttarane opp i mengder med tretter med menneska, og galenskapen førte sistpå til at stamma laut delast opp. Two-spear reiste av med ei grein, og denne vart med tida til snøkrigarane. Dotter hans, Kahvi, vart liggjande halvdaud og verna av trolldom i mange år.
  • Skyfire (skyloge), femte hovding, var ei ikkje vedkjend dotter av Prey-pacer. Ho vart teken til hovding då bror hennar reiste av. Ho skapte "vegen", dei retningslinene ulveryttarane følgjer. Ho vedkjende Dreamsinger (draumsongar), og dei vart foreldra til Nightstar og Freefoot.
  • Freefoot, sjette hovding, var ein fri kar på støtt reika ute. Han møtte på nokre av dei som følgde Two-spear, og vedkjende ei av dei, Two Shadows. Dei fekk tre born, mellom dei Fjør eller Eikerot, seinare kjend som Garvar.
  • Garvar, sjuande hovdingen, levde uvanleg lenge til ulveryttar å vera, nærpå 700 år eller meir. Han utvikla kunnskapen om stell av skinn, noko som gav han namnet. Han vedkjende Stormlight, og saman fekk dei dottera Goodtree.
  • Goodtree (godtre) var den åttande hovdingen. Ho er hugsa som treformar, og var den som skipa til det store fartreet ulveryttarane hadde heime i. Ho vedkjende Acorn (Eikenøtt), som er far til Mantricker. Ein reknar med at ho og er formor til treformaren Redlance.
  • Mantricker (mannesnarar), var åttande hovding. Han var kjend som ein fuling til å terge menneska, men fann sin likemann i menneskehovdingen Demontricker. Saman gjorde dei ulike spik mot kvarandre. Han vedkjende Thornflower, og desse vart foreldra til Bjørneklo. Mantricker er og far til Moonshade, garvaren. Mor hennar var Brightwater (klårvatn).
  • Bjørneklo var den niande hovdingen, velkjend for omgang med trolla, glad i draumeber og eit ustyrleg sinne. Han rådde over ulveryttarane i lang tid, men laut sistpå gje tapt for Madcoil. Han vedkjende Joyleaf, søster av Treestump. Dei vart foreldra til Cutter.

Solfolket[endre | endre wikiteksten]

Solfolket slog seg ned midt i sandmoa, i ein oase dei kalla Sorrow`s End (Sorgenfri hjå Semic). Desse alvane er gjestfrie, fredsæle og av eit anna slag enn dei meir stridlynde ulveryttarane. Attåt er dei mørke i huda. Dei fremste er:

  • Savah, kalla «minnemora», av di ho sit inne med alle minne om folket sitt frå dei slog seg ned. Ho er òg stammor til dei andre alvane som bur der.
  • Rayek, den fremste jegeren i solfolket, ein einstøing som ikkje tolde at ulveryttarane kom. Han lyt støtt vera best og først i alt, og tevla med Cutter om Leetah.
  • Leetah var heilaren i landsbyen, men tok ut for å leite etter Cutter og kom ikkje attende på mange år.
  • Suntoucher er far til Leetah, rådgjevar og stjernetydar i landsbyen. Han er blind av di han har sett mot sola for lenge.
  • Toorah, mor til Leetah
  • Shenshen, søster av Leetah. Jordmor. Ho vart med Cutter og ulveryttarane i Kings of the Broken Wheel.
  • Ahdri, terna til Savah. Ho utvikla med tida evner som steinformar.
  • Shantee, ein ung alvegut som slog seg til hjå ulveryttarane saman med Shenshen. Utvikla evna til å gjere mentale skjold til vern for andre.

Svevarane[endre | endre wikiteksten]

Svevarfolket slog seg til i eit høgt berg, kalla Blåberget. Her stelde dei med evnene sine og oppdaga at dei vart sjuke av det. Heile folket gjekk under i forteljinga Siege at Blue Mountain. Dei vart førte av Voll, førstefødd av dei høge. Han vart drepen av troll mot slutten av den opphavlege soga.

Alle svevarane kunne fly, utan heilaren Winnowill, som oppdaga at ingen trong lækjedom i Blåberget. Då vart ho sjuk, og med tida galen og vondhuga. Winnowill er rekna som hovudfienden til ulveryttarane. Ho vart endeleg drepen mot enden av forteljinga Shards. Sjela hennar var likevel så farleg at ho vart fanga inne i kroppen til Rayek, som bar ho innom seg frå då. Soga om dette kan lesast i Rogue`s Curse. Winnowill er mor til halvtrollet Tveegg, ein ravgalen smed som steller i stand mykje illskap for å hemne seg på mora. Hovdingen over svevarane valde ut åtte jegerar, dei einaste som nokon gong fór ut frå berget. Ein av desse, Aroree, overlevde og vart med ulveryttarane (Kings of...).

Snøkrigarane[endre | endre wikiteksten]

Snøkrigarane slo seg ned nordpå ikkje langt frå det opphavlege slottet. På engelsk er dei kalla Go-backs, noko som inneber at dei vil attende til opphavet sitt. Dei er likevel det mest hardføre og minst danna av alle alvegruppene. Dei vert førte at Kahvi, dotter av ulveryttarhovdingen Two-spear, og difor kan ein rekne dette folket som ein utbrytargruppe av ulveryttarane. Ho er mor til Venka, ei jente med særskilde evner. Far hennar var Rayek. Venka er det einaste som kan stogge Winnowill og far sin. Ho vart oppfostra hjå ulveryttarane.

Bølgjedansarane[endre | endre wikiteksten]

Denne gruppa fekk sin eigen forteljing, og som namnet seier har dei slege seg til i havet. Ei av jentene herfrå vart «gift» med Soltopp, sonen til Cutter.

Trolldom i Elfquest[endre | endre wikiteksten]

Trolldomen hjå alvane er knytt til særskilde evner som einskilde alvar har med seg frå dei vert fødde, og som veks fram med tida. Slik er det somme av dei som har evner som Steinformarar eller treformarar, og andre kan lækje sår (healers). Ei særskild evne er evna til å reise i tanken ut av lekamen, og kommunisere med folk langt av lei. Alle alvar (stort sett) kan samtale med tankane sine, «sende», utan at nokon andre høyrer dei. Nokre utviklar denne evna til ein stor viljekraft for å tøyme og tvinge andre alvar. Til denne gåva er det òg knytt ein tanke om at alvar finn kvarandre gjennom «sjele-einskap», slik at barn vert avla gjennom «Recognition» (Vedkjenning eller attkjenning). Nokre gonger hender det at barn vert fødde utan at dette grip inn. Desse borna er stort sett mindre evnerike enn dei andre.

Motsett vanleg folkeminne, har alvane i Elfquest sjel. Denne sjela lever vidare etter at lekamen døyr, og om avane ikkje vert drepne, lever dei æveleg. Ulveryttarane er unnataket, av di dei er av blanda ætt, og kan døy av alderdom. Døyr ein «vanleg» alv, fer sjela attende til opphavsstaden, Romskipet. Ein ulveryttar vel om sjela skal halde seg der eller fara vidare til den staden der dei andre sjelene fer i Elfquest-verda. Tankegangen syner at ein tenkjer seg at dyra (ulvane, til dømes) òg har sjel i denne verda. Ulveryttarane, og andre alvar, ber løynlege «sjelenamn» attåt dei namna dei nyttar til vanleg, og desse indre namna vert berre avdekte av dei som kjenner dei best, eller av dei som er «vedkjende». Som tida har gått, er dei fleste av ulveryttarnamna avdekte slik, for vanlege lesarar.

Utvikling av serien[endre | endre wikiteksten]

Med tida vart Elfquest svært populært, og serien fekk mange avleggarar, og det vart tilsett nye teiknarar. Serien hadde ein topp om lag midt på 1990-talet. Etter det har interessa dala noko, men det vart laga teiknefilmar av serien, og mellom anna vart det freista på ein TV-serie i same ånda. I dag har serien ein trufast fan-skare.

Distribusjon i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Semic satsa på utgjeving av serien på norsk svært tidleg, og omsette heile den opphavlege soga. Prosjektet vart avslutta av økonomiske grunnar, og det meste er å få på engelsk i dag. Elles kan ein nemne at ein av dei nyare forteljingane, om Bjørneklo og hans tid, vart omsett og kom ut tidleg på 2000-talet. Mykje er elles omsett til dansk.

Liste over utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(lista er ikkje fullstendig).

  • The original quest (den opphavlege soga), frå 1978.
  • Siege at Blue mountain 1988
  • Kings of the broken Wheel 1990
  • Hidden years
  • New Blood
  • Blood of ten chiefs
  • Shards
  • Wolfrider
  • Jink (science fiction)
  • Rogue's curse
  • Worldpool

Attåt kjem ei rekkje romanar og småforteljingar som ikkje er i teikneserieform.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]