Elfriede Jelinek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elfriede Jelinek Nobelprisvinner
Elfriede jelinek 2004 small.jpg
Fødd 26. oktober 1946 (65 år)
Flag of Austria.svg Austerrike Mürzzuschlag, Steiermark, Austerrike
Yrke Forfattar
Nasjonalitet Austerriksk

Elfriede Jelinek (fødd 20. oktober 1946 i Mürzzuschlag i Steiermark) er ein austerriksk forfattar som bur i München og Wien. I 2004 fekk ho Nobelprisen i litteratur «för hennes musikaliska flöde av röster och motröster i romaner och dramer som med enastående språklig lidelse blottar de sociala klichéernas absurditet och tvingande makt.»

Innhaldsliste

[endre] Temaval og stil

Elfriede Jelinek tek i tekstane sine opp mistilhøve i det offentlige, politiske og private livet i det austerrikske samfunnet. Ho nyttar ein sarkastisk, provoserande stil som gjer at motstandarande karaktiserar henne som ein «brønnpissar».[1] Stilen blir òg – til dels av ho sjølv – beskriven som obskøn, blasfemisk, vulgær og hånande.

Språkhandsaminga syner tydelege spor av den musikalske bakgrunnen hennar – ho er utdanna organist – ved at språket innheld særeigne rytmiske strukturar; jamfør nobelprisgrunngjevinga. Eit anna grunnelement er behandlinga av klangen i det tyske språket og dei fonetiske kvalitetane til orda; ho arbeider flittig med ulike slag assonansar, ikkje berre innan lyrikken og dramatikken, men òg i prosatekstane. Dette gjer at ho reknas som særs vanskeleg å omsetje.[2]

[endre] Kontroversar

Det har i årevis rasa ein kontrovers mellom dei som blir provosert av dei krenkande og aggressive tekstane og politiske meiningane ho har gått ut med, og dei som reknar henne som ein språkkunstnar.

Jelinek provoserar ikkje berre i Austerrike: i 2005 forlét Knut Ahnlund Svenska Akademien i protest mot at ho blei tildelt Nobelprisen. Han karakteriserte blant anna forfattarskapen hennar slik: «Det rör sig om ett monomant och enkelspårigt författarskap, en textmassa som synes hopskyfflad utan spår av konstnärlig strukturering.»[3]

[endre] Referansar og fotnotar

  1. „Nestbeschmutzer“
  2. «De mäktiga ger inte bort något annat än döde», Dagens Nyheter 11. oktober 2004
  3. «Efter Jelinek är priset ödelagt» på SvD.se

[endre] Eksterne lenker

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elfriede Jelinek
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk