Elgygytgynsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elgygytgynsjøen
Elgygytgynsjøen -
Elgygytgynsjøen -
Stad Tsjuktsjihalvøya, nordaust i Sibir i Russland.
Koordinatar 67°30′N 172°00′EKoordinatar: 67°30′N 172°00′E
Type innsjø Kratersjø, ogliotrofisk sjø
Utsig Enmyvaam
Største lengde 12 km
Største breidde 12 km
Overflateareal 110 km²

Elgygytgynsjøen (russisk Эльгыгытгын) er ein innsjø på Tsjuktsjihalvøya nordaust i Sibir i Russland. Han har ein diameter på om lag 15 km og er 175 meter på det djupaste. Innsjøen ligg i eit nedslagskrater etter ein meteoritt og kraterkanten har ein diameter på 18 km. Krateret vart danna for 3,6 millionar år sidan (pliocen).

Innsjøen er interessant for forskarar fordi han ikkje har vore dekka av isbrear. Dermed har 400 meter med sediment bygd seg opp i botn av innsjøen og lagra informasjon om førhistoriske klimaendringar.

[endre] Dyreliv

Tilhøva i Elgygytgynsjøen er harde for fiskelivet. Derfor finst det berre tre permanente fiskeartar i innsjøen, tre typar av aure, Salvelinus boganidae, S. elgyticus og Salvethymus svetovidovi (langfinna aure). Dei to siste artane er endemiske for Elgygytgynsjøen. Røye har vorte sett ut i innsjøen i nyare tid.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk