Eli Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eli Hagen
FøddEli Oddveig Engum
26. oktober 1947 (76 år)
Dombås
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar, sekretær, programleiar
EktefelleCarl I. Hagen

Eli Engum Hagen (fødd 26. oktober 1947) er sekretæren og rådgjevaren til den norske Framstegsparti-politikaren Carl I. Hagen, som ho gifta seg med i 1983. Ho var også ein av fleire faste paneldeltakarar i talkshowet Studio 5 som blei send på TV-kanalen FEM frå 2008 til 2010.

Ho har utdanning frå handelsskole og har blant anna arbeidt som teknisk teiknar og kontorleder og formannssekretær i Framstegspartiet. Eli Hagen sat dessutan i Oslo bystyre for Frp frå 1987 til 1991. Forfattaren Jan Martin Iversen hevda i si bok om dei første 25 åra til Framstegspartiet, Fra Anders Lange til Carl I. Hagen (1998), at Eli hadde ei viktig rolle i utviklinga av partiet. I november 2001 skapte ho overskrifter då ho, etter å ha sett av mannen sin på middag på Slottet i Oslo, ved eit uhell køyrde sin Volkswagen Passat ned trappene føre slottet.[1]

I 2006 lanserte Eli Hagen sjølvbiografien Gift med Carl. Boka fekk mykje merksemd i mediene, mest på grunn av utilslørte og nedsetjande karakteristikkar av, og påstandar om, ulike politikarar. I boka understreka ho også sitt tette forhold til Carl I. Hagen og si rolle som politisk medspelar. I samband med lanseringa deltok ho i fleore debattar på TV og i radio, mellom annet i programmet Rikets røst på TV 2 og i Først & sist på NRK.

Hausten 2013 deltok Eli Hagen i kjendiskonkurransen Skal vi danseTV 2. Som profesjonell dansepartnar hadde ho Bjørn Wettre Holthe.[2] Paret ende på fjerdeplass.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gift med Carl – elskerinne, sekretær og hustrusjølvbiografi 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. GRINDAKER, SIW (16. november 2001), «Eli tok trappa - med bil», dagbladet.no (på norsk), henta 29. oktober 2021 
  2. «- Da synes jeg bare synd på dem». Side2. 14. september 2013. Henta 14. september 2013.