Elias Blix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Elias Blix

Elias Blix (24. februar 183617. januar 1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland fylke Mattismessedagen 1836, og døydde i heimen sin i Kristiania (Oslo) i 1902. Han vart gravlagd på Vår Frelsers kyrkjegard.

Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarseminar i Tromsø på 1850-talet. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Sommaran 1866, etter at han hadde tatt teologisk embetseksamen, vitja han Gildeskål. Her hjelpte han soknepresten med konfirmasjonsundervisninga, han skal òg ha bede om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja. Men Blix fekk ikkje lov til å preike - somme meiner soknepresten ikkje ville sleppe han til, fordi han ikkje likte Blix sitt arbeid som målmann; andre meiner soknerpresten hadde gjeve han beskjed om at det ikkje sømte seg for born av allmugen å stå på preikestolen. Hendinga i Gildeskål skal etter soga vere årsaka til at han ikkje blei prest og han aldri kom tilbake til Gildeskål.

Blix var med på arbeidet med å omsetje Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix er rekna å vera ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Ved kgl. res. av 4. mai 1892 vart salmeboka hans, Nokre Salmar, autorisert for kyrkjeleg bruk. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

  • Artikkel om Elias Blix hos Salten Museum nettstad (lenkja ikkje aktiv lenger)
Personlege verktøy
Opprett ei bok
På andre språk