Elias Sunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elias Sunde (2. oktober 18512. juli 1910) var ein norsk stortingsrepresentant, statsråd og embetsmann. Arne Sunde var sonen hans.

Sunde var fødd i Flekkefjord, far hans var skinnhandlar. Til 1873 arbeidde han på kontoret til sorenskrivaren i Flekkefjord. Dei neste fire åra var han kontorist i hovudstaden. År 1877 grunnla han ei røyrleggjarforretning i Christiania. Denne dreiv han til 1898.

Sunde var medlem av bystyret i Kristiania 1888-98 og 1904-10. Han var ordførar frå 1895 til 1898. Han var styremedlem i fleire tiltak, så som Kristiania sporvognselskap, Kristiania handelsstands forening, samt telefonselskapet i byen. Vidare var han styreformann i Folkebanken, styremedlem i Arbeiderbanken og folkepensjonskassa Glitne.

1895-1900 var Sunde stortingsmann for Venstre, fyrste perioden som 4. representant frå Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger, andre perioden som 1. representant for same krinsen. Han var sekretær i tollkomiteen fram til han vart statsråd.

Sunde var finansminister frå 1898 til 1900, i ei regjering leia av Johannes Steen. Deretter var han i 1900 ein månad ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Han var atter finansminister frå 1901 til 1903.

Etter han gjekk ut av regjeringa var Sunde generaldirektør for Statsbanene.

Han døydde 1910 på Bad Nauheim.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914