Elin Grytting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elin Grytting
Fødd13. februar 1952 (72 år)
FødestadBærum kommune
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Elin Pehrson Grytting (fødd 13. februar 1952 i Bærum) er ein norsk folkemusikar og songar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Grytting har slektsrøter i Aurland i Sogn, og har budd på Sandane i Gloppen kommune i Nordfjord sidan 1976.

Ho er utdanna folkedansar og musikkpedagog, og har studert lokalhistorie og forming. Sidan 1989 har ho vore tilsett i Sogn og Fjordane fylkeskommune si fylkesmusikarordning. Ho har arbeidd mykje med innsamling av mellom anna vokal folkemusikk, og har formidla tradisjonsmusikk og –dans vidare gjennom undervisning og konsertverksemd. I 1998 gav ho ut plata Almuens Sanger, med tekstar av diktarpresten Claus Frimann. I 2011 vart ho tildelt kulturprisen i Gloppen kommune.

Laurdag 29. mars 2014, under Fylkeskappleiken på Sandane, blei Elin Grytting tildelt Folkemusikkprisen 2014 frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

I 2019 gav ho ut biografien Claus Frimann : diktarpresten frå Nordfjord.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Verk av Grytting
I bøker - eit utval:
  • 2016 – Nordfjordboka : kulturhistorisk vegvisar (Førde: Selja forlag : Nordfjord sogelag). ISBN 978-82-8240-105-0  [Forfattar: Jon Tvinnereim mfl., redaksjon: Torkjell Djupedal, Sverre Folkestad og Jon Tvinnereim. Av innhaldet: Folkesong / Elin Pehrson Grytting]
I tidsskrift - eit utval