Elisabet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Underskrifta til dronning Elisabeth I av England.

Elisabet, Elisabeth og Elizabeth er bibelske kvinnenamn som er utbreidd i heile den kristne verda. Namnet finst i fleire variantar, tilpassa dei fleste språka i Europa. «Elisabet» er ein gresk variant av det hebraiske Elisjeba (אלישבע), som tyder 'Gud (Elohim) er fullkomen'.

Elisabet(h) vart svært populært i Noreg i andre halvdel av det tjuande hundreåret. Det nådde ein topp som babynamn rundt 1980, men har sidan mista popularitet. Elisabeth har namnedag 19. november i alle dei skandinaviske landa.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja til den heilage Elisabeth i Košice er den største kyrkjebygningen i Slovakia.

Elisabeth er mest kjend som mora til Johannes døyparen. Som Isak var han eit mirakelbarn mora fekk på sine eldre dagar etter å ha gjeve opp håpet om barn. I det gamle testamentet finn me óg ei Elisabeth, ho var kona til Aron. Bibelen fortel at den yngre Elisabeth var av Aron si slekt. Innan seinare kristendom blei også den heilage Elisabeth av Thüringen ein viktig helgen.

Namnet blei etter kvart mykje brukt av kongelege, noko som gjorde mykje til at det blei spreidd. Den heilage Elisabeth som levde på ellevehundretalet var ei ungarsk kongsdotter som blei fransiskanarnonne og levde resten av livet sitt i from armod. Elizabeth I av England, Isabella II av Spania og Jelizaveta av Russland gjorde nok òg sitt for å få namnet på moten.

Det finst 17.502 kvinner som heiter Elisabeth i Noreg, og 827 som heiter Elizabeth (tal frå Statistisk Sentralbyrå, frå 1. januar 2004). Nokre vanlege norske former av namnet er Elise, Elsa, Lisa, Liss, Lisbet og Betty.

Utanlandske variantar av Elisabeth[endre | endre wikiteksten]

Andre utbreidde kortformer: Ella, Elli, Lisa, Sisi

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth Amalie Eugenie, «Sissi», keisarinne av Austerrike.

Helgenar[endre | endre wikiteksten]

Kongelege[endre | endre wikiteksten]

Andre[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]