Elista
| Elista Элиста |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Kalmykia | ||||
| Grunnlagd Bystatus |
1865 1930 |
||||
| Borgarmeister | Radi Burulov | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
208 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
102 700 493,8 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 120 moh | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 3580xx | ||||
| Retningsnummer (tlf) | (+7)84722 | ||||
| Nettstad: www.elista.org | |||||
Elista (russisk Элиста́, kalmykisk Элст – Elst) er hovudstad i Republikken Kalmykia i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Han ligg 1200 km sør-søraust for Moskva.
Byen er kjent som eit særs viktig sentrum innan sjakk. Store turneringar har vorte halde her.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Elista vart grunnlagt i 1865 som ein mindre busetnad. I november 1920 vart Elista administrativt senter for Den kalmykiske autonome oblast. Innan tidleg på 1930-talet var Elista forandra til ein liten by sidan kollektiviseringspolitikken til Josef Stalin tvinga mange kalmykar til å gje opp den tradisjonelle nomadiske livsstilen sin til fordel for ein fastbuande og urban livsstil. I oktober 1935 vart Elista utnemnt som hovudstad i Den kalmykiske ASSR.
27. desember 1943, vart Den kalmykiske ASSR oppløyst og dei etniske kalmykane i republikken vart tvangsdeportert til Sibir. Russarar vart frakta til Elista for å folkesetje byen på ny og namnet vart endra til Stepnoj (russisk: Степно́й). Byen heitte Stepnoj til 1957, då dei overlevande etter deportasjonane fekk løyve til å kome tilbake frå eksil.
Attraksjonar [endre]
Etter 1991 har byen vore karakterisert av det sakte forfallet til sovjet-bygde institusjonar og dei store byggeprosjektene sett i gang av millionær-presidenten Kirsan Iljumzjinov.
Bysentrumet har mange renoverte offentlege parkar sentrert rundt hovudtorget, med statuar av både Lenin og Buddha. Aust for byen ligg «Olympialandsbyen» frå den 33. sjakkolympiaden i 1998, lokalt kjent som «Sjakkbyen». Staden har mellom anna eit museum av kalmykisk buddhistisk kunst og han vert stundom nytta som konferansesenter.
Under vitjinga si i 1998, valde Dalai Lama ein stad vest for bysenteret for bygginga av eit nytt buddhisttempel for innbyggjarane. Det vart opna i desember 2005.
Næringsliv [endre]
Byen fungerer som forvaltings-, utdannings- og handelssentrum. Industrielt er berre næringsmiddelhandsaming viktig.
Transport [endre]
Elista har ei mindre regional lufthamn, med ruter til Moskva og byar sør i Russland.
Det går jernbanelinje frå Elista sørover til Stavropol og vegsamband til Volgograd og Astrakhan.
Fotogalleri [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Elista» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
|
|
||
|---|---|---|
| Hovudstad: Elista | ||
| Gorodovikovsk · Lagan | ||