Elisabet I av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Elizabeth I)
Elisabet I av England

The Ermine Portrait av Elisabet I. Måla i 1585 av Nicholas Hilliard.
Dronning av England
Regjeringstid1558-1603
Fødd7. september 1533
FødestadPalace of Placentia
Død24. mars 1603
DødsstadRichmond Palace
GravstadWestminster Abbey
FøregangarMaria I av England
EtterfølgjarJakob I
DynastiHuset Tudor
FarHenrik VIII av England
MorAnne Boleyn

Elisabet I av England (7. september 153324. mars 1603), eng. Elizabeth, var regjerande dronning av England frå 1558 til 1603. Ho vart kalla Jomfrudronninga (The Virgin Queen), ettersom ho aldri gifta seg. Elisabet kom til å verta den siste i tudordynastiet.

Elisabet var dotter av Henrik VIII og Anne Boleyn. Ho var halvsyster til dronning Maria I.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Elisabet vart fødd den 7. september 1533 i Greenwich Palace i London. Fødselen hennar var til vonbrot for mange. Faren, mora og nasjonen hadde vona på ein gut. Ein gut ville ha vore ein framtidig konge.

Henrik VIII hadde annullert ekteskapet med Katarina av Aragon for å kunne gifta seg med Anne Boleyn. Med skilsmålet hadde han skaffa seg fiendar bådde innanriks og utanriks. Pave og keisar såg ikkje blidt på skilsmålet. Ein grunn til at ekteskapet vart oppløyst var vona om å verta far til ein prins. Dermed var det eit stort vonbrot at det kom nok ei prinsesse. Den eldste prinsessa, Maria, vart etter skilsmålet rekna for å vera fødd utanom ekteskap. Ho vart rekna som uekte, og fekk ikkje ha prinsessetittelen. Ho fekk i oppdrag å ta seg av halvsystra si.

Så lenge Anne Boleyn var dronning, og det enno var von om eit guteborn, hadde dei det bra. Åra gjekk og Anne fødde mellom anna ein dødfødd gut. Henrik ville då ha ei ny dronning som kunne fø eit gutebarn. Anne Boleyn vart dømd til døden for utruskap, hekseri og incest. Ho vart halshoggen den 19. mai 1536, då dottera berre var to og eit halvt år gammal. Elisabet vart etter dette rekna som uekte og dermed ikkje prinsesse. Ho vart kalla «Lady Elizabeth». Trass i dette fekk ho vera ved hoffet og fekk ei god utdanning.

Kongen si neste kone, Jane Seymour, fekk ein etterlengta son. Etter at Henrik VIII døydde i 1547 vart sonen konge som Edvard VI av England. Den unge Edvard var sjuk og døydde i 1553. Han skal ha hatt tuberkulose. Maria, dotter av Henrik VIII og Katarina av Aragon, etterfylgde broren på trona.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Kroningsmåleri
Armada Portrait måla kring 1588 til minne om nederlaget til den spanske armadaen. Dronninga si makt i verda vert symbolisert av at ho kviler handa på ein globus.

Elisabet sat ei tid fengsla i Tower of London etter å ha vorte skulda for å stå bak statskupp mot halvsystera Maria I. Maria I døydde i 1558.

Elisabet vart den 17. september 1558 krona til dronning av England. Det engelske riket inkluderte heile Irland.

Som monark var ho oppteken av å hevda England si makt i høve til Spania. Etter å ha slege den såkalla uovervinnelege spanske armada vart England ei protestantisk høgborg. England var i ferd med å verta ei stor kolonimakt. Ikkje minst vart England ei sjømakt. Sjøkapteinar og oppdagarar som John Hawkins, Francis Drake og Sir Walter Raleigh vart vidkjende. Tida var ei rik tid innan litteratur med William Shakespeare, Christopher Marlowe og Ben Johnson.

Elisabet hadde så stor innverknad at tida då ho styrte, ofte vert kalla «den elisabetanske tida».

Den amerikanske delstaten Virginia er oppkalla etter Elisabet, Jomfrudronninga.

Dronning Elisabet I hjelpte til med å utbreie bruken av irsk innanfor The Pale (dvs. i Dublin og nærområda rundt Dublin) fordi ho ville stø opp om den reformerte religionen. Ho var ein god lingvist, og sannsynlegvis forstod ho irsk til ein viss grad, Sir Christopher Nugent, 9. baron av Delvin, laga i alle fall ei lærebok i irsk til henne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elisabet I av England
Spire Denne historieartikkelen som har med England å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.