Ella Holm Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ella Holm Bull, (12. oktober 192921. september 2006), var ein sørsamisk lærar og forfattar. Ho arbeidde i mange år aktivt for sørsamisk språk, ho stod m.a. (i lag med Knut Bergsland) attom den sørsamiske rettskrivinga frå 1974, den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga. Holm Bull fekk fleire prisar for arbeidet sitt for sørsamisk språk, m.a. i 2004 Gollegiella-prisen på 100  for styrking av samisk språk.

Då ho døydde var ho nett engasjert til å skrive den samiske historia i Røyrvik og omland, med tilskot frå fylkestinget i Nord-Trøndelag.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Manne joe maahtam lohkedh. 1989
  • Åarjel-saemien Gåalmede gærja. 1987
  • Åarjel-saemien Vijhtede gærja. 1986
  • Åarjel-saemien Nubpie gærja. 1986
  • Åarjel-saemien Nealjede gærja. 1986
  • Ovmese veareldh. 1985
  • Suhtjegh. 1984
  • Tsååbpe-niejlen jih Tsååbpe-baernien bijre. 1984
  • Brorke. 1984
  • Åarjel-saemien Voestes gærja. 1982
  • Lohkede Saemien (med Knut Bergsland). 1974