Ella Hval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ella Hval

Fødd7. januar 1904
FødestadOslo
Død17. desember 1994 (90 år)
DødsstadStavanger kommune
Verka somskodespelar, filmskodespelar
EktefelleRudolf Nilsen, Einar Hval
PrisarKongens fortenestmedalje, Norsk kulturråds ærespris, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Ella Hval (fødd Ella Signe Quist Kristoffersen, 7. januar 190417. desember 1994) var ein norsk skodespelar og instruktør som jobba ved Nationaltheatret i ei årrekkje.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Ella Hval voks opp i ein arbeidarfamilie med mange born på Torshov i Kristiania, og har skildra oppvekstmiljøet i sjølvbiografien Jeg har alltid hatt vanskelig for å glemme frå 1979. Bustaden låg i Vogts gate nr. 17, og om bustaden skriv Ella mellom anna: «Vi bodde i 4. etg. uten gjenboere, og når sant skal sies, både lys og sol. Stuen hadde to vinduer og kjøkken ett - alle til gaten. Det ble regnet for særlig komfertabelt. [...] Mitt barndomsvindu med hele verden pulserende utenfor er det jeg husker aller best fra nr. 17. Der kunne fantasien løpe fritt, og alle drømmer gikk automatisk i oppfyllelse.»

Etter fullført obligatorisk skulegonge og eit ekstra år på Kristiania kommunale middelskole, gjekk Ella Kristoffersen ut i arbeidslivet og tok seg arbeid på ulike kontor og som bokhaldar. Ho vart tidleg med i amatørteateret åt arbeidarrørsla, og gjekk derifrå inn i Samfundsteatret. I dette teateret møtte ho han som skulle bli den fyrste ektemannen hennar, nemleg diktaren Rudolf Nilsen. Dei var kjærastar i ein to-tre år før dei gifte seg 2. februar 1924. Paret var 20 og 23 år, og foreldra deira ytra at dei syntest det var vel tidleg å gifta seg. Til det skal Rudolf Nilsen ha svart: «Vi er jo over 40 år tilsammen - og det haster.» Etter bryllaupet flytte dei inn i ein møblert bustad på Schous plass.

Ekteskap med Rudolf Nilsen[endre | endre wikiteksten]

På 5 år flytte ekteparet Nilsen 6 gonger, og Rudolf gav ut to diktsamlingar. Nilsen var medlem av Norges Kommunistiske Parti. Nokre av dikta hans handla om arbeidarrørsla og klassekampen på 20-talet, medan andre var romantiske dikt, t.d. om heimbyen Kristiania. Ella las opp dikt skrivne av ektemannen, opptredde i kabaretar og i Samfundsteatret, og skreiv meldingar av film i Norges kommunistblad. Medan Rudolf var på ei utanlandsreise i 1929, skreiv Ella til han at no ville ho ikkje flytta fleire gonger. Rudolf svara at han gladeleg gjekk med på det. Diverre vart det aldri noko av framtidsplanane deira, då Rudolf Nilsen aldri kom heim frå denne reisa. Han vart alvorleg sjuk av tuberkulose og døydde av sjukdommen i Paris, på veg heim den 23. mars 1929. Dei siste timane skal han ha snakka om Ella som sat heime, og om Sovjet-Russland som han aldri fekk sjå att. Noko av det siste han sa, var: «Det er fanden å måtte dø så ung!»

5. mai same året vart det stelt i stand minnesamvær i Folkets Hus etter Rudolf Nilsen, og det var overfylt av folk sjølv om han til då berre hadde gjeve ut to diktsamlingar.

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Ella Hval som Margrethe Helmer og August Oddvar som biskop Sigurd Helmer i Herren og hans tjenere av Axel Kielland på Nationaltheatret hausten 1955.[1]
Foto: Ragge Strand, Billedbladet NÅ/Arkivverket
Ella Hval med Nils Ole Oftebro i Hjem (Home) av David Storey på Nationaltheatret hausten 1971.[2]
Foto: Frits Solvang/Digitalt museum

3 år seinare, i 1932, gifte enkja Ella Nilsen seg på ny, med lækjaren Einar Hval. Dette året debuterte ho på Chat Noir, 28 år gammal. I tida som kom gjekk ho i teaterlære under Sigurd Eidegard, spela m.a. hovudrolla i eit stykke på Søilen Teater, og gjorde nokre biroller på Nationaltheatret. Gjennombrotet sitt fekk Ella Hval ved Den Nationale Scene i 1936-37. Ho var fast tilsett der frå 1937 til 1940, då ho i staden tok stilling ved Nationaltheatret. Her var ho tilsett til ho nådde pensjonsalder i 1974. Ho jobba òg som instruktør ved elevskulen på Nationalteatret i mange år, og ho hadde talrike roller på Radioteatret.

I løpet av karrieren sin spela Ella Hval i fleire drama av Henrik Ibsen, og såg på det som ei ære då ho uttalte fylgjande: «En Ibsen-rolle er en opplevelse for hver eneste en av oss!» Av andre dramatikarar ho har spelt roller for, kan nemnast Kjeld Abell, Hans Wiers-Jenssen, David Storey, Kent Andersson og Brendan Behan.

Filmskodespelar og Norsk Skuespillerforbund[endre | endre wikiteksten]

I 1949 debuterte ho som filmskodespelar i filmen Gategutter av Arne Skouen. Filmen handla om ein gutegjeng i Oslo på 1920-talet, arbeidsløyse og dårlege kår. I Gategutter spela ho med m.a. Jack Fjeldstad, Pål Bang-Hansen og Tom Tellefsen. Etter dette spela ho i fleire spelefilmar fram til langt ut på åttitalet.

På femti- og sekstitalet vart ho leiar for Norsk Skuespillerforbund, og stod i spissen for ein viktig debatt mellom skodespelarane og NRK. Fordi ho var ein dyktig forhandlingsleiar fekk ho tilnamnet Ello (LO) Hval.

I 1979 gav ho ut erindringsboka Jeg har alltid hatt vanskelig for å glemme. Den siste tida av livet sitt budde Ella Hval i Stavanger, der ho døydde 90 år gamal i 1994.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Roller på spelefilm og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • Gategutter (1949) .... Karstens mor
  • Ingen mans kvinna (1953) .... Lapp-Kari
  • Hjem går vi ikke (1955) .... Bestemor
  • Kvinnens plass (1956) .... Fru Steffensen
  • Gylne ungdom (1956)
  • Ektemann alene (1956) .... Fru Stenersen
  • Smuglere i smoking (1957) .... Fru Brusefjær
  • Ut av mørket (1958)
  • Le motorizzate (1963) .... Miss Gustafsen
  • Frøken Rosita (1969) .... Dadda
  • Røtter (1969)
  • Den siste Fleksnes (1974) .... Frk. Gustavsen
  • "Nitimemordet" (1975)
  • Skraphandlerne (1975) .... Frk Halvorsen
  • Kattelek (1977) .... Adelaida
  • Når eplene modnes (1981) .... Kapteinsenken
  • Forfølgelsen (1981) .... Guri, den gamle kvinnen
  • Blackout (1986) .... Fru Werner
  • Feldmann-saken (1987) .... Mrs. Hansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]