Bo Diddley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ellas McDaniel)
Bo Diddley

Fødd30. desember 1928
FødestadMcComb
Død2. juni 2008
Archer i Florida i USA
DødsstadArcher
FødenamnEllas Otha Bates
AliasEllas McDaniel
OpphavMcComb, Mississippi i USA
Aktiv1951—2008
SjangerRhythm and Blues
Rock 'n' roll
Bluesrock
InstrumentVokal, gitar, fiolin, synthesizer, el-piano, piano, orgel, perkusjon, trommer
PlateselskapChecker Records, Chess Records, BoKay Productions, RCA Victor, MF Productions, Triple X Records, Atlantic Records
Verka somLåtskrivar, musikar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Florida Artists Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Bo Diddley (30. desember 19282. juni 2008), fødd Ellas Otha Bates, var ein viktig amerikansk rock and roll-artist og låtskrivar. Han var kjend som The Originator på grunn av rolla si i overgangen frå blues til rock and roll, og påverka andre legendariske artistar som Buddy Holly, Eric Clapton og Jimi Hendrix.[1] Han innførte ein meir pågåande, drivande rytme, ein hardare gitarstil og skreiv mange songar. For dette vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og fekk òg Rhythm and Blues Foundation sin ærespris.[2] Han var òg kjend for dei tekniske nyvinngane sine, og eit av kjennemerka hans var ein firkanta gitar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bo Diddley var fødd i McComb i Mississippi i USA som Ellas Otha Bates. Han vart adoptert av søskenbarnet til mora, Gussie McDaniel, og fekk derfor namnet Ellas McDaniel. I 1934 flytta McDaniel-familien til Chicago. Her vart han medlem av den lokale baptistkyrkja der han lærte å spele trombone og fiolin. Etter kvart vart han meir interessert i annan musikk og starta å lære seg gitar.[3][4]

Etter å ha sett John Lee Hooker vart han vidare inspirert,[2] og medan han jobba som snikkar og mekanikar spelte han på gatehjørner med venene sine som eit band kalla Hipsters.[5] Seinare, sommaren 1943-1944 spelte han i band med Earl Hooker.[6] I 1951 spelte han fast på 708 Club i Chicago med eit repertoar inspirert av Louis Jordan, John Lee Hooker og Muddy Waters.

Seint i 1954 slo han seg saman med munnspelartisten Billy Boy Arnold, trommeslagaren Clifton James og bassisten Roosevelt Jackson, og spelte inn ei demoplate av «I'm A Man» og «Bo Diddley». Desse vart spelte inn på nytt hos Chess Studios med eit band som bestod av Otis Spann (piano), Lester Davenport (munnspel), Frank Kirkland (trommer) og Jerome Green (maracas). Singelen vart gjeven ut i mars 1955 og A-sida «Bo Diddley» gjekk til topps på R&B-lista. McDaniel tok så scenenamnet Bo Diddley. Opphavet til namnet er uklårt.

20. november 1955 var han på The Ed Sullivan Show, eit populært fjernsynssprogram i USA, der han lurte Ed Sullivan. Dei hadde bede han om å spele songen «Sixteen Tons» av Merle Travis og Tennessee Ernie Ford, men i staden spelte han «Bo Diddley». Dette førte til at han ikkje fekk kome tilbake.

Dei neste åra spelte han inn fleire hitsinglar, som «Pretty Thing» (1956), «Say Man» (1959) og «You Can't Judge a Book By the Cover» (1962). Mellom 1958 og 1963 gav han ut 11 album på Checker Records.

I 1963 reiste Diddley på turnear i Storbritannia med Everly Brothers og Little Richard. The Rolling Stones, som framleis var ukjende på denne tida, var òg eit av dei mange banda som fekk spele eit par songar. Gjennom historia si har han spelt på alt frå sveitte klubbar i Chicago til nostalgiske rock and roll-turnear. I 1979 var han oppvarming for The Clash og gjest i the Rolling Stones. I 1972 spelte han med The Grateful Dead på ein konsert.

I tillegg sine eigne songar skreiv han i 1956 songen «Love is Strange» i lag med Jody Williams, som vart ein hit for Mickey & Sylvia i 1957.[7]

Bo Diddley var ein av dei første mannlege amerikanske musikarane som tok med kvinner i bandet sitt, inkludert Peggy Jones (òg kalla Lady Bo), Norma-Jean Wofford, Cornelia Redmond og Debby Hastings. Han var òg ein av dei første som spelte inn musikken sin i sitt eige heimelaga studio.[2]

I 1988 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. I 2004 plasserte Rolling Stone han på 20. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene[8].

Diddley budde mange år i New Mexico der han òg nokre år var deputert sheriff. Dei siste åra av livet budde han i Archer i Florida og heldt fram å turnere verda rundt. Etter ein konsert i 2007 fekk Bo Diddley slag og vart lagt inn på sjukehus. 2. juni 2008 døydde han av hjartesvikt i heimen sin.[9]

Bo Diddley-rytmen og gitaren[endre | endre wikiteksten]

Bo Diddley var kjend for Bo Diddley-rytmen, ein rumba-liknande rytme, som gatemusikantar nytta for å slå og klappe rytmen på armar, bein og bryst medan dei song. Diddley kom over rytmen då han prøvde å spele Gene Autry sin «(I've Got Spurs That) Jingle, Jangle, Jingle».[10] Tre år før songen «Bo Diddley» vart ein annan song, «Hambone» spelt inn av Red Saunders Orchestra with The Hambone Kids.

Den enklaste av forma Bo Diddley-rytmen kan teljast over to taktar:

«Ein og to og tre og fir og ein og to og tre og fir og ...»

Fleire av dei mest kjende songane hans inneheld berre ein akkord, altså spelar musikarane den same akkorden gjennom heile stykket slik at rytmen, og ikkje harmoniane, dannar spenninga i songen. Bo Diddley har òg spelt mange songar i meir konvensjonelle rytmar.

Bo Diddley under ein konsert i Praha i 2005.

Bo Diddley var òg kjend for å spele på ein firkanta Gretsch-gitar.

Bo Diddley-rytmen har vorte nytta av mange andre artistar, som Elvis PresleyHis Latest Flame»); Bruce SpringsteenShe's the One»); U2Desire»); The SmithsHow Soon Is Now?»); Roxette («Harleys og Indians (Riders In The Sky)»); Johnny Otis («Willie og the Hand Jive»); George MichaelFaith»); NormaalKearl van stoahl»); Elton JohnBilly Bones and The White Bird»); The Strangeloves («I Want Candy»); Ace Frehley («New York Groove»); KT Tunstall («Black Horse and the Cherry Tree»); Primal Scream («Movin' on up»); David Bowie («Panic in Detroit»); The Pretenders («Cuban Slide»); The Police («Deathwish»); Wayne Fontana & The Mindbenders («The Game of Love»); The Supremes («When the Lovelight Starts Shining Through His Eyes»); Jefferson Airplane («She Has Funny Cars»); The BeatlesShe's a Woman»); The White Stripes («Screwdriver»); The Byrds («Don't Doubt Yourself, Babe»); The Stooges («1969») og Guns N' Roses («Mr Brownstone»). Den tidlege Rolling Stones-stilen var òg påverka av denne rytmen på songar som «Not Fade Away» og «I Need You Baby (Mona)». The Who sin «Magic Bus» er òg basert på Bo Diddley-rytmen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bo Diddley (1958)
  • Go Bo Diddley (1959)
  • Have Guitar Will Travel (1960)
  • Bo Diddley in the Spotlight (1960)
  • Bo Diddley Is a Gunslinger (1960) (Checker 2977)
  • Bo Diddley Is a Lover (1961)
  • Bo Diddley's a Twister (1962)
  • Bo Diddley (1962)
  • Bo Diddley & Company (1962)
  • Surfin' with Bo Diddley (1963)
  • Bo Diddley's Beach Party (1963)
  • Bo Diddley's 16 All-Time Greatest Hits (1964)
  • Two Great Guitars (med Chuck Berry) (1964)
  • Hey Good Lookin' (1965)
  • 500% More Man (1965)
  • The Originator (1966)
  • Super Blues (med Muddy Waters & Little Walter) (1967)
  • Super Super Blues Band (med Muddy Waters & Howlin' Wolf) (1967)
  • The Black Gladiator (1970)
  • Another Dimension (1971)
  • Where It All Began (1972)
  • Got My Own Bag of Tricks (1972)
  • The London Bo Diddley Sessions (1973)
  • Big Bad Bo (1974)
  • 20th Anniversary of Rock & Roll (1976)
  • I'm a Man (1977)
  • Ain't It Good To Be Free (1983)
  • Bo Diddley & Co - Live (1985)
  • Hey...Bo Diddley in Concert (1986)
  • Breakin' Through the BS (1989)
  • Living Legend (1989)
  • Rare & Well Done (1991)
  • Live at the Ritz (med Ronnie Wood) (1992)
  • This Should Not Be (1993)
  • Promises (1994)
  • A Man Amongst Men (1996)
  • Moochas Gracias (with Anna Moo) (2002)
  • Dick's Picks #30 (konsert med The Grateful Dead i 1972) (2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]