Elle tåkeklokke

Koordinatar: 59°38.746′N 10°38.103′E / 59.645767°N 10.635050°E / 59.645767; 10.635050
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elle tåkeklokke

Elle tåkeklokke
FylkeAkershus
KommuneFrogn
FunksjonTåkeklokke
Oppretta1911
Koordinatar59°38.746′N 10°38.103′E / 59.645767°N 10.635050°E / 59.645767; 10.635050
Fyrtårn
FormKlokketårn
ByggjematerialeTre
Status
EigarFollo Museum, privat
Nedlagt1983
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Elle tåkeklokke
59°38′26″N 10°38′14″E / 59.6405°N 10.6371°E / 59.6405; 10.6371

Elle tåkeklokke er ei tåkeklokke på austsida av Oslofjorden, sør for Drøbak. Tåkeklokka vart oppretta i 1911 og teke ut or drift i 1983. Ho ligg i Frogn kommune, som òg har ei anna tåkeklokke innanfor kommunegrensene, Søndre Langåra tåkeklokke, som ligg på øya Søndre Langåra nord for Drøbak.

Klokketårnet er i tre og bygd i sveitserstil, og er stort sett teke vare på slik som det vart bygd. Både sjølve klokka og drivverk er intakt. Klokka klemta samanhengande når tåka låg, drive av eit urverk som måtte dragast opp med jamne mellomrom.

Då tåkeklokka både har fyrhistorisk og arkitektonisk verde som kulturminne, er ho freda etter lova om kulturminne.

Elle tåkeklokke is located in Akershus
Plasseringa til Elle tåkeklokke

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]