Ellen Aslaksdatter Skum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ellen Aslaksdatter Skum (26. mai 182710. februar 1895) var norsk reindriftssame frå Kautokeino. Ho deltok i Kautokeino-opprøret i 1852.

Ellen Skum var gift med Mathis Jacobsen Hætta. Dei hadde begge slutta seg til ei ytterleggåande religiøs gruppering, inspirert av Lars Levi Læstadius. I februar 1852 vart ho dømd til 1 ½ års straffarbeid etter at ho i lag med 21 andre samar vart dømd for å ha forhindra gudstenesta i Skjervøy kyrkje 6. og 7. juni 1851. Mannen hennar vart dømd til 8 månaders straffarbeid. I tillegg vart dei dømde til å betale sakskostnadene, som var så store at mange av dei stod i fare for å miste alle reinsdyra sine.

Medan Mathis vart sett i fengsel, slutta Ellen seg til ein storsiida i lag med familiene til mange av dei andre som vart dømde. Siidaen var dominert av ei ytterleggåande religiøs gruppering. Læstadius hadde eit møte med denne grupperinga i mars 1852, men dei ville ikkje lenger ta imot rettleiing frå han. Utpå sommaren ville styresmaktene hente Ellen Skum til soning, men ho nekta å bli med. Ho fekk då vite at ho ville bli henta med makt om ho ikkje reiste frivillig, men folket i siidaen lovte å passe på Ellen og sa at ingen fekk hente henne frå dei. Sidan kom lensmann Bucht til siidaen for å ta henne i arrest — utan å finne henne.

Ellen Skum deltok aktivt då folket frå siidaen 8. november 1852 gjekk til angrep på huset til brennevinshandlaren i Kautokeino og drap både denne og lensmannen. Ho var med å piske huslyden til handelsmannen og soknepresten for å tvinge dei til å omvende seg.

14. februar 1854 vart Ellen i høgsterett, likt fire andre opprørarar, dømd til døden for si deltaking i opprøret. Ho fekk seinare omgjort straffa til livsvarig straffarbeid, og sona på tukthuset i Trondheim [1]. Ho fekk nåde og slapp ut etter 13 år, i 1867. Etter soninga flytta ho heim til mannen i Kautokeino. I 1875 budde dei på ein statleg rydningsplass i Soattefielbma i Kautokeino. Ho døydde som enkje 10. februar 1895.

Figuren Elen Skum, spelt av finske Anni-Kristiina Juusos, hadde hovudrolla i Filmen Kautokeino-opprøret av Nils Gaup (2008).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; omsett frå nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. .(Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).
  • Klokkarbok for Kautokeino 1877-1896