Ellen Nikolaysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellen Nikolaysen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1951 (72 år)
Oslo
Yrke songar, teaterskodespelar
Ellen Nikolaysen på Commons

Ellen Helen Nikolaysen (fødd 10. desember 1951) er ein norsk songar og skodespelar frå Oslo.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Nikolaysen vann Talent '70 arrangert av NRK. Gjennom størstedelen av 1970-åra turnerte ho rundt i Noreg og litt utanlands. Ho gav ut sitt fyrste album i 1972, og deltok i Eurovision Song Contest 1973 som del av songgruppa Bendik Singers med melodien «Å for et spill». I 1974 vart ho tildelt pris som beste utøvar under World Popular Song Festival i Tokyo, og opplevde suksess i Japan. Året etter vann ho det norske Melodi Grand Prix med «Det skulle ha vært sommer nå» og deltok i melodifestivalen utan å oppnå ei fin plassering. Både i 1973 og 1976 var ho nominert til Spellemannprisen.

På 1990-talet var ho aktiv som skodespelar i musikalar. Mest omtale fekk ho for rolla som Mrs. Lovett i Sweeney ToddDet norske teateret.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1972: Stans! Jeg vil gi deg en sang
  • 1973: Freckles
  • 1976: Kom
  • 1978: Jul med Hans Petter og Ellen, saman med Hans Petter Hansen
  • 1983: Songar utan ord, saman med Sigmund Groven
  • 1987: Julekvad

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Faneflukt
  • 1993: Solens sønn og månens datter
  • 2002: Sejer - Djevelen holder lyset