Ellingsøytunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellingsøytunnelen
Lengd3 520 meter
Stigning8,5%[1]
Trafikk12 566 (2023)[2]
Opna1987
Kart
Ellingsøytunnelen
62°29′11″N 6°10′57″E / 62.486389°N 6.1825°E / 62.486389; 6.1825

Ellingsøytunnelen er ein undersjøisk tunnel som går frå Nørvøya i Ålesund under Ellingsøyfjorden til HovsetEllingsøya. Tunnelen er ein del av riksveg 658 i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen er 3520 meter lang, den når 144 meter under havet, og største stigning er 8,5 %. Ellingsøytunnelen blei opna i 1987. Saman med Valderøytunnelen gav den ferjefritt samband mellom Ålesund og Valderøya i Giske kommune, og dermed også ferjefritt samband til Ålesund lufthamnVigra.

Tunnellen var ein bomveg, bomstasjonen stod på Kverve på Ellingsøya. Bomperioden skulle opphavleg vare i 15 år, men på grunn av økonomiske problem hos tunnelselskapet, vart bompengeperioden forlenga til 22 år. Bompengeperioden opphøyrde i november 2009, og det er no gratis å bruke tunnelen.

Det er ikkje tillate for fotgjengarar å ferdast i Ellingsøytunnelen.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]