Elliott Smith

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Albumet Elliott Smith
Elliott Smith

Fødd6. august 1969
FødestadOmaha
Død21. oktober 2003
DødsstadEcho Park
FødenamnSteven Paul Smith
AliasElliott Smith
OpphavUSA
Aktiv1993-2003
SjangerIndie-rock
Akustisk-rock
InstrumentVokal
Gitar
Piano
Klarinett
Bassgitar
Munnspel
tromme
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarHeatmiser
Quasi
Mary Lou Lord
Pete Krebs
No. 2
PlateselskapVirgin Records
Cavity Search Records
Kill Rock Stars
Suicide Squeeze Records
DreamWorks Records
ANTI-
Epitaph Records
Domino Records
Verka somMusikar, låtskrivar

Steven Paul «Elliott» Smith (6. august 196921. oktober 2003) var ein amerikansk musikar og låtskrivar. Hovudinstrumentet hans var gitaren, men han var også dyktig på piano, klarinett, bassgitar, trommer og munnspel.

Etter å ha vore medlem av rockegruppa Heatmiser i fleire år, byrja han som soloartist i 1994. Etter å ha utgjeve eit par plater på dei uavhengige plateselskapa Cavity Search Records og Kill Rock Stars, signerte han etter kvart for det langt større plateselskapet DreamWorks Records. Smith fekk eit gjennombrot med songen «Miss Misery», som vart brukt i filmen Good Will Hunting. Songen vart oscarnominert i 1997.

Smith sleit med depresjonar, alkoholisme og narkotikamisbruk i fleire år, og desse emna kom ofte fram i musikken hans. Han døydde 34 år gammal, etter to knivstikk i brystet.[1] Obduksjonen klarte ikkje å prove om han tok livet av seg eller vart drepen.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomsår[endre | endre wikiteksten]

Steven Paul Smith vart fødd i 1969 i Omaha i Nebraska. Mora, Bunny Welch, var musikklærar på ein barneskule, medan faren, Gary Smith, var medisinstudent. Foreldra skilde seg om lag eit år etter at Smith vart fødd. Smith flytta då saman med mora til Duncanville i Texas. Faren gjekk inn i luftforsvaret og vart send til Filippinane. Smith hadde ein hard barndom,[3] og namnet til mora sin kjærast, Charlie, dukka opp i fleire av songane hans. Familien var ein del av Kristi Samfunn gjennom store delar av Smiths barndom, men byrja etterkvart å gå til ei metodistkyrkje.

Smith byrja å spele gitar då han var rundt 11–12 år gammal. Gitaren hadde han fått av faren.[4] På denne tida komponerte han også sitt første pianostykke. 14 år gammal flytta Smith til Portland i Oregon, for å bu saman med faren, som på den tida jobba som psykiater. Det var i desse tidene Smith først byrja bruka alkohol og narkotika. I tillegg byrja han også å eksperimentere med lydopptak. På vidaregåande skule spelte og song Smith i gruppene Stranger Than Fiction, A Murder of Crows og The Greenhouse. Ei stund etter at Smith var ferdig med vidaregåande i 1987, byrja han å kalle seg sjølv «Elliott».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Heatmiser[endre | endre wikiteksten]

Smith tok gjekk ut frå Hampshire College i Amherst i Massachusetts med ei grad i filosofi og statsvitskap i 1991. På colleget i Hampshire starta Smith gruppa Heatmiser saman med klassekameraten Neil Gust. Etter studietida vart Tony Lash og Brand Peterson inkluderte i gruppa. Dei hadde som mål å drive med musikk på heiltid i Portland. Dei spelte inn to album og ein EP for Frontier Records, før dei signerte ein kontrakt med Virgin Records, og gav ut det siste albumet sitt, Mic City Sons.

Merksemda solokarrieren til Smith fekk, skapte spenning mellom han og gruppa.[5] Heatmiser vart oppløyst før utgjevinga av Mic City Sons, Albumet vart gjeve ut på Caroline Records, eit plateselskap som var eigd av Virgin.

Roman Candle[endre | endre wikiteksten]

Ikkje lenge før oppløysinga av Heatmiser, byrja Smith å spele inn musikk på eiga hand. Solomaterialet var meir nedstemt enn i Heatmiser, og songtekstane handla om avhenget til narkotika, depresjon og svik.

«I'm a roman candle. My head is full of flames. I want to hurt him. I want to give him pain. And make him feel this pretty burn».

Elliott Smith i låten «Roman Candle»

Det første soloalbumet hans, Roman Candle, kom ut i 1994, etter at Smith sin daverande kjærast overtydde han til å sende opptak av songane sine til Cavity Search Records.[5] Eigaren, Christopher Cooper, spurte med ein gong om å få gje ut resten av albumet han hadde spela inn. Berre ein av songane på albumet var bandakkompagnert.

Første gong Smith opptredde åleine var i 1994. Ikkje lenge etter vart han spurt om han ville opne for Mary Lou Lord på ein vekeslang turne i USA. Smith var med på fleire korte turnear med Lord etter dette.

Elliott Smith og Either/Or[endre | endre wikiteksten]

I 1995 kom det sjølvtitulerte albumet Elliott Smith ut på Kill Rock Stars. Albumet likna mykje på det førre, men inneheldt hint av eksperimentering og modning. Størstedelen av albumet hadde blitt spela inn av han sjølv.

Elliott Smith opptrer i New York i 1997

I 1996 lagde filmskaparen Jem Cohen kortfilmen Lucky Three: an Elliott Smith Portrait, der Smith spelte nokre songar. To av desse vart med på det neste albumet hans, Either/Or. Albumet kom ut på Kill Rock Stars i 1997 og fekk gode meldingar.[6] På dette albumet inneheldt fleire av songane bass, trommer, keyboard og elektriske gitarar, alle instrumenta vart spela av Smith. Tittelen på albumet kom frå filosofen Søren Kierkegaard si bok med det same engelske namnet (dansk Enten - Eller), som handlar om tema som angst, frykt, død og Gud.

«Miss Misery» og Oscar[endre | endre wikiteksten]

I 1996 bidrog Smith med fleire songar på lydsporet til Gus Van Sant sin film Good Will Hunting. Smith spela mellom anna inn ein orkestrert versjon av songen «Between The Bars» saman med komponisten Danny Elfman for filmen. Ein av dei andre songane han bidrog med var den nye songen «Miss Misery», og tre andre tidlegare ikkje-utgjevne songar. Filmen vart ein suksess, og Smith vart oscarnominert for songen «Miss Misery». Han var ikkje ivrig etter å vere i rampelyset, og framførte songen på oscarutdelinga berre etter at produsentane hadde informert han om at songen kom til å bli spela den kvelden – anten av han eller ein annan artist.[5] Den 5. mars 1998 framførte Smith «Miss Misery» på fjernsynsprogrammet Late Night with Conan O'Brien.

Eit par dagar seinare spelte han ein forkorta versjon av songen på oscarutdelinga. James Horner og Will Jennings vann prisen for beste låt med songen «My Heart Will Go On» (sungen av Céline Dion) frå filmen Titanic. Smith sa seg ikkje misnøgd etter ikkje å ha vunne prisen.

XO og Figure 8[endre | endre wikiteksten]

I 1998, etter suksessen med Either/Or og «Miss Misery», signerte Smith ein kontrakt med det større plateselskapet DreamWorks Records. På denne tida vart Smith deprimert. Medan han var i Nord-Carolina vart han rusa og fall ned frå ei klippe. Han landa i eit tre som spidda han, men som samtidig dempa fallet.[3]

Det første albumet på DreamWorks, XO kom ut seinare same året. Albumet vart produsert av Rob Schnapf og Tom Rothrock, og musikarane Joey Waronker og Jon Brion spela på plata. Albumet kom heilt opp på 104. plass på Billboard 200[7] og selde meir enn 400 000 eksemplar,[8] meir enn dobbelt så mykje som han selde av dei to første albuma, og blei det bestseljande albumet i karrieren hans. Backup-bandet hans i det meste av denne perioden var gruppa Quasi, som bestod av den tidlegare Heatmiser-medlemen Sam Coomes på bassgitar og ekskona hans, Janet Weiss på trommer. Quasi opptredde som oppvarmingsband for Smith på den påfølgjande turneen, Smith bidrog nokre gonger på gitar, bass eller som støttevokal når Quasi spela. 17. oktober 1998 framførte Smith songen «Waltz# 2» på fjernsynsprogrammet Saturday Night Live.

Albumet Figure 8 kom ut i 2000, og både Rothrock, Schnapf, Brion og Waronker var med på innspelinga. Delar av albumet vart produsert i Abbey Road Studios i England. Albumet fekk for det meste positive meldingar[9] og kom opp på 99. plass på Billboard 200. Albumet fekk skryt for powerpop-stilen og komplekse arrangeringar.

«What I used to be will pass away, and then you'll see that all I want now is happiness for you and me».

Elliott Smith i låten «Happiness»

På albumcoveret og promoteringsbiletet av Smith såg det ut som om han hadde slutta med narkotika og tatt seg saman. Ein større turne for å promotere albumet følgde, under denne turneen opptredde han på fjernsynsprogramma Late Night With Conan O’Brien og The Late Show with David Letterman. Tilstanden hans byrja etter kvart å forverre seg fordi han hadde blitt heroinavhengig anten på slutten av eller ikkje lenge etter turneen.[3]

Siste år og innspelinga av From A Basement On The Hill[endre | endre wikiteksten]

Smith opptrer i New York i januar 2003

Ein oppfølgjar til Figure 8 var planlagd å bli laga saman med Rob Schnapf, men innspelinga vart stoppa. Smith byrja også å distansere seg frå manageren Margaret Mittleman. Han byrja endeleg å spele inn eit nytt album med berre han og John Brion som produsentar ein gong i 2001. Paret hadde spelt inn ein monaleg mengd musikk for albumet, då Brion konfronterte Smith med narkotika- og alkoholmisbruket hans.[10] Vennskapen deira enda raskt, og Smith kasserte alt materialet dei hadde spela inn til da. Når Brion sende ei rekning for den avbrotne innspelinga til DreamWorks, planla leiarane i plateselskapet, Lenny Waronker og Luke Wood, å ha eit møte med Smith, for å finne ut kva som gjekk gale under innspelinga av albumet. Smith gav uttrykk for at han syntest at plateselskapet forstyrra privatlivet hans, han meinte også at DreamWorks promoterte Figure 8 for dårleg. Møtet viste seg å vere fruktlaust, og ikkje lenge etter sende Smith ein beskjed til leiarane, der han gav beskjed om at han kom til å ta livet av seg om han ikkje vart løyst frå kontrakten sin.[3] I mai 2001 byrja Smith å spele inn albumet på nytt, for det meste på eiga hand, men med noko hjelp frå David McConnell, ein medlem av gruppa Goldenboy. McConell fortalde musikkmagasinet Spin at Smith i denne perioden røykte heroin og crack for over 1 500 dollar kvar dag, snakka ofte om sjølvmord, og prøvde å ta ein overdose fleire gonger.

Smith opptredde sjeldan gjennom 2001 og 2002. Ei melding av ein av konsertane hans viste angst for tilstanden hans: håret hans var uvanleg langt og feitt, og publikum måtte rope ut delar av teksten til ein av songane hans.[11] Den første av dei berre tre konsertane han heldt i 2002 vart skildra som «opplagt ein av dei dårlegaste framsyningane nokon gong av ein musikar»[12] og som eit «uuthaldeleg...mareritt».[13] Ein reporter for eit internettmagasin kom med utsegna: «...det vil ikkje overraske meg i det heile tatt om Elliott Smith endar opp død innan eit år».[14]

«This is the place where time reverses. Dead men talk to all the pretty nurses. Instruments shine on a silver tray...don't let me get carried away».

Elliott Smith i låten «King's Crossing»

25. november 2002 var Smith innblanda i ein krangel med politiet i Los Angeles under ein The Flaming Lips/Beck-konsert. Smith sa seinare at han forsvarte ein mann han trudde vart plaga av politiet. Politiet trudde at han var ein uteliggjar, og skal ha slått og arrestert han og kjærasten, Jennifer Chiba. Dei to sat ei natt i varetekt. Handa og ryggen til Smith vart skadde i episoden, noko som førte til at han måtte avlyse mange konsertar. Wayne Coyne, hovudvokalisten i The Flaming Lips og venn av Smith uttalte redsle for Smith sine handlingar og korleis han framstod, han sa at han «såg ein person som hadde mista kontrollen over seg sjølv. Han var trengande og sutrande. Han var alt ein ikkje ville ha i ein person».[15]

Smith hadde prøvd å slutte med narkotika fleire gonger, men sa at han «ærleg talt ikkje kunne klare det første steget ... Eg kunne ikkje seie det ein skulle seie og meine det».[5] Hausten 2002 la Smith seg inn på Neurotransmitter Restoration Center i Beverly Hills for å starte på eit kurs for behandling av narkotikamisbruket sitt. Etter at han fylte 34 år 6. august 2003 gav han opp alkohol, koffein, raudt kjøt, raffinert sukker og bruken (nokre gonger misbruk) av psykiatriske medikament.[3] Ting gjekk på denne tida betre for Smith enn det hadde gjort på fleire år. Han byrja å eksperimentere med noise-musikk og jobba på kjærasten, Jennifer Chiba, sin iMac med føremål om å lære seg å spele inn musikk på datamaskin, sidan det var den einaste metoden han var ukjend med. I august 2003 gav Suicide Squeeze Records ut ein vinylsingle i avgrensa opplag av songen «Pretty (Ugly Before)», ein song Smith hadde spela på konsertar sidan Figure 8-turneen. Steve Hanft skildra Smith sine siste seks månader som «lyset i enden av tunnelen» og var overtydd om at Smith ikkje brukte narkotika lenger, og var frisk.

Død og reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Elliott Smith døydde 34 år gammal av to knivstikk i brystet.[1] I følgje kjærasten Chiba, som han budde med på den tida, krangla dei, og ho låste seg inne på badet.[8] Chiba høyrde han skrike, og då ho opna døra stod Smith med ein kjøkenkniv i brystet. Då Chiba trekte ut kniven fall Smith saman. Elliott Smith døydde på sjukehuset den 21. oktober klokka 01.36. Sjølv om det først vart meldt om at Smith hadde utført sjølvmord, såg ikkje obduksjonrapporten som vart offentleggjort i desember 2003 bort frå at han kan kunne ha vorte drepen.[1] Ein mogleg sjølvmordsnotis var ein post-it, der det stod «unnskyld—kjærleg helsing Elliott. Tilgjev meg, Gud.»[1]

Rettsmedisinaren sin rapport viste at ingen spor etter ulovlege stoff eller alkohol var i kroppen hans då han døydde. Han hadde medisinar i seg mot depresjon og ADHD, men berre på føreskrivne nivå.[16]

Minnesmerket i Los Angeles i California

Ikkje lenge etter Smith sin død sette fansen i gang med eit minnesmerke utanfor Solutions Audio (4334 Sunset Boulevard i Los Angeles i California), staden der albumcoveret til Figure 8 vart tatt. Det vart skrive avskjedsbeskjedar, og plassert lysestakar og tomme ølflasker med merke som hadde blitt nemnde i nokre av songane til Smith.[17] Eigaren av Solutions har latt minnesmerket stå for augeblikket. Minnekonsertar vart halde både i England og USA.[18] Ein underskriftskampanje for å gjera ein del av Silver Lake-området til ein minnepark i Smith si ære vart raskt sett i gang. Kampanjen fekk over 10 000 underskrifter, men ingen planar om å lage minneparken er annonserte. Eit minnesmerke vart avduka på den tidlegare ungdomsskulen hans, Lincoln High, i juli 2006.[19]

Sidan Smith døydde har fleire artistar laga songar til eller om Smith. Det har også blitt utgjeve hyllestalbum sidan døden hans: To: Elliott From: Portland, Home to Oblivion: Elliott Smith Tribute (piano) og A Tribute to Elliott Smith.

Etter Smith sin død[endre | endre wikiteksten]

«Shine on me, baby cause it's raining in my heart».

Elliott Smith i låten «A Distorted Reality Is Now A Necessity To Be Free»

From a Basement on the Hill vart endeleg utgjeve 19. oktober 2004 av ANTI- (ein del av Epitaph Records). Familien til Smith kontrollerte dødsbuet hans, og bestemde seg for å hente inn Rob Schnapf og Smith sin tidlegare kjærast Joanna Bolme for å mikse og ordne albumet. Sjølv om Smith såg for seg at albumet skulle vere eit dobbel-album (eller eit vanleg album med ein «bonusdisk»), vart det utgjeve som eit vanleg album med 15 songar. Mange av dei mørkaste songane som vart spela inn vart ikkje med på albumet, men fleire av dei har seinare leke ut på Internett.

8. mai 2007 vart albumet New Moon gjeve ut på Kill Rock Stars. Albumet inneheldt 24 songar spela inn av Smith mellom 1994 og 1997. Albumet debuterte på 24. plass på Billboard 200, med 24 000 selde kopiar den første veka.[20] Albumet fekk gode meldingar,[21] og kom på 15. plass på Metacritic si liste over dei 30 albuma med beste meldingar i 2007.[22] Ein stor del av inntektene til albumet skal gå til ein organisasjon som jobbar for å hjelpe vaksne med låg inntekt og heimlause barn i Portland.[23]

Elliott Smith and the Big Nothing, ein biografi skriven av Benjamin Nugent, vart gjeve ut litt etter From A Basement On The Hill, rett etter årsdagen for Smith sin død. 25. oktober 2007 kom boka Elliott Smith, skrive av Autumn De Wilde, ut. Boka inneheld bilete, handskrivne songtekstar og intervju med fleire av dei næraste venene til Smith, og ein CD med fire live-songar som ikkje har blitt utgjevne før.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Official Autopsy Report on Steven Paul Smith». The Smoking Gun. Henta 17. mars 2008. 
  2. «Smith Autopsy Inconclusive - Police keep investigation of singer-songwriter's death open». Rolling Stone. 31. desember 2003. Henta 28. februar 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Gowing, Liam. "Mr. Misery". SPIN. Volume 20 number 12. December 2004.
  4. «Better Off Than Dead, Elliott Smith Comes Clean». Under the Radar. Henta 28. februar 2008. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Better Off Than Dead, Elliott Smith Comes Clean». Under the Radar. Henta 28. februar 2008. 
  6. «Acclaimed Music: Either/Or». Henta 15. mars 2008. 
  7. «Elliott Smith - XO». Henta 29. februar 2008. 
  8. 8,0 8,1 «The mysterious death of Mr Misery». The Guardian (19. mars 2004). 
  9. «Elliott Smith: Figure 8 (2000): Reviews». Henta 16. mars 2008. 
  10. Weaver, Jordan. «Elliott Smith Lives Again! From a Basement on the Hill V.2». The Confabulators. Henta 30. mars 2008. 
  11. Stoltz, Peter (17. desember 2001). «Elliott Smith—San Francisco, CA». Magnet. Henta 30. mars 2008. 
  12. «Did You Behave?». Henta 7. april 2008. 
  13. Dombal, Ryan. «Shot in the arm». Henta 7. april 2008.  Northwestern Daily. (3. mai 2002).
  14. Brown, Jake. «Just Say Yes». Glorious Noise. Henta 7. april 2008. 
  15. «Friends, Peers Mourn Elliott Smith». =Billboard. Henta 22. april 2008.  (23. oktober 2003).
  16. «The Elliott Smith Mystery». LA Weekly. 1. januar 2004. Henta 26. april 2008. 
  17. «Elliott Smith Dead At 34». Pitchfork Media. oktober 2003. Henta 26. april 2008. 
  18. «Elliott Smith's Uneasy Afterlife». The New York Times. 18. juli 2004. Henta 26. april 2008. 
  19. «Elliott Smith, the Myth and the Man, Memorialized». Willamette Week. 13. juli 2006. Henta 26. april 2008. 
  20. «Buble Sidesteps Bone Thugs To Claim No. 1». Billboard. 16. mai 2007. Henta 26. april 2008. 
  21. «Elliott Smith: New Moon (2007): Reviews». Metacritic. Henta 26. april 2008. 
  22. «Metacritic: Best Albums of 2007». Metacritic. Henta 26. april 2008. 
  23. Walby, Sam. «BBC Collective - Elliott Smith - New Moon». BBC. Henta 26. april 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]





Elliott Smith
Studioalbum: Roman Candle | Elliott Smith | Either/Or | XO | Figure 8 | From a Basement on the Hill | New Moon
Songar: No Confidence Man | Needle in the Hay | Say Yes | Miss Misery | Baby Britain | Happiness | Son of Sam
Filmar: Lucky Three | Strange Parallel