Elna Matland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elna Matland

Elna Matland
Foto: VerdLanco
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. april 1921
Død

23. november 2011 (90 år)

Yrke esperantist
Språk esperanto

Elna Matland (fødd 28. april 1921 i Bergen, død 23. november 2011 i Bergen), pgså kjend som Elna Nielsen og Elna Rekve, var ein norsk barneskulelærar og kommunepolitikar. Ho var aktiv i kultur- og samfunnslivet i Noreg sidan krigsåra og fram til ho døydde i 2011.

Elna Nielsen vart fødd i Bergen i 1921. Foreldra var Johan Kristoffer og Ingeborg (f. Monssen) Nielsen. Familien skifta etternamn til Rekve før Elna kom i skulealder. Frå 1942 til 1944 gjekk Elna Rekve på Lærarhøgskulen på Stord. Som nyutdanna lærar vart ho under den andre verdskrigen tilsett som guvernanteFefor Høifjellshotell, der ho underviste både dei tre borna til direktør Walter og eit barn frå Bergen som var evakuert dit.

Etter dette arbeidde ho i barneskulen i Bergen og seinare i Sauda, der mannen hennar, Johan Matland, vart personaldirektør for Union Carbide Norge.

Etter at ho vart enkje, flytta Elna Matland attende til Bergen i 1981 og pensjonerte seg. Men ho heldt fram som ein aktiv, kulturorientert samfunnsdebattant og ein populær kåsør, heilt til det siste året ho levde.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Under den 77. esperanto-verdskongressen i Wien i 1992 vart Elna Matland utnemnd til æresmedlem i Universala Esperanto-Asocio (UEA). Den dag i dag er ho den einaste nordmannen med slik medlemskap. I notisen om utnemninga i UEAs tidsskrift Esperanto for oktober 1992 heiter det (i norsk omsetjing):

Elna Matland (Noreg) vart fødd i Bergen 28. april 1921, og etter å ha tent som lærar annanstads i mange år, bur ho no i byen igjen. Etter å ha lært esperanto i 1939, vart ho fort aktiv, var sekretær eller leiar for dei lokale klubbane i Bergen og Sauda, styremedlem i ein regional esperantoorganisasjon og i Norsk Esperanto-Forbund – der ho også har vore president (1985–91). Ho har vore leiar for lærarseksjonen og til pressetenesta til Norsk Esperanto-Forbund, medlem i eksamenskommisjonen og jubileumskomiteen, (fak)delegito, rådsmedlem i UEA etc. Matland var leiar for den lokale arrangementskomiteen til den 76. verdskongressen, og har hovudfortenesta for suksessen til dette store arrangementet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]