Elohim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elohim (אֱלוֹהִים , אלהים) er eit gamalt hebraisk ord for Gud, som vert brukt i jødedommen og kristendommen.

El, Eloah og Elohim[endre | endre wikiteksten]

Ordet «Elohim» kjem frå ’el, som tyder 'Gud' i fleire semittiske språk og er truleg eit av dei eldste semittiske orda for guddom. Kvar ordet «’el» kjem frå, er ikkje heilt klart. Det er ofte knytt til ordet ’yl (eller ’wl), som er brukt for å skildra nokon eller noko som har makt. Men det er ikkje sikkert at «'el» kom frå ’yl. Nokre forskarar, til dømes Lous Hartman og David Sperling, peiker på at det òg kunne ha hendt at ordet ’yl kom frå det vanlege ordet for guddom, sidan å vera mektig er eit av dei viktigaste eigenskapane til ein gud. Elohim er fleirtal av eloah, som er ei lenging av elæ’æ.

Namna i Bibelen og andre semittiske kjelder[endre | endre wikiteksten]

I Bibelen er namnet «’elohim» mykje vanlegare enn «’el» eller «’eloah». «’El» er mest brukt i eldre dikt og salmar, eller i dikt som er skrivne for å høyrast gamalmodige ut. «’El» er meir brukt enn dei andre orda i samband med eigenskapsord (til dømes i uttryk som «ein brennhuga Gud» eller «ein mild og nådig Gud»). «’El» er òg brukt når bibelen set den guddommelege i motsetnad til det menneskelege, til dømes i Job 25:4; som den fyrste delen av andre namn til Gud, til dømes 'El Sjaddai; og i menneskenamn, til dømes Elias og Israel.

«’Eloah» er sjeldan brukt i Bibelen, bortsett frå i Jobs bok. «Elohim» er brukt svært ofte. Ein finn ordet meir enn 2000 gongar i Bibelen. Ordet er òg brukt for å skildra noko som er overnaturleg eller drusteleg, til dømes kongehuset som stammar frå David.

Både «elohim» og «’el» vert brukt i Bibelen i samband med andre gudar enn den jødisk-kristne Gud, til dømes gudar eller gudinner som andre folk dyrkar, eller heidenske gudar. «Eloah», som motsats, er nesten aldri brukt om andre gudar enn den jødisk-kristne Gud.

Dei tilsvarande orda er òg brukt i andre semittiske kjelder. Ord som svarar til «eloah» på andre språk inkluderer det arameiske ordet ’elah og det arabiske ’ilah. I ugarittisk er «El» namnet til den høgaste guden. El er hovdingen over alle andre kanaanittiske gudar. Det var han som skapte jorda og alle skapningar. Han er ættefaren til alle andre gudar og gudinner. Men, sjølv om han er skildra som den høgaste guddommen, spelar han ikkje ei stor rolle i dei kanaanitiske mytene som me i dag veit om.

Bruk av feirtalsforma[endre | endre wikiteksten]

Forma «Elohim» er fleirtal av «Eloah». I Bibelen er det likevel brukt for det meste som eit ord i eintal, slik at verb og adjektiv som er brukt med det samsvarar til eintalsforma. Det er berre nokre fåe faste uttrykk, til dømes elohim hayyim, 'den levande guden', der former i fleirtal vert brukte.

Det har vore mykje forsking rundt kvifor hebraisk bruker eit ord i fleirtal om éin Gud. Nokre forskarar knyter det til andre abstrakte substantiv som er brukt i fleirtal, til dømes zekunim, 'alderdom', og seiar dimed at «Elohim» i opphav tydde 'Guddommen'. Andre knyter det til ein general kanaanittisk sedvane. Dei seiar at det var ein tendens til monoteisme i Midtausten, slik at ein gud kunne verta kalla 'gudane mine' eller 'herrane mine', og at bruk av «Elohim» for Israel sin Gud var ein del av denne tendensen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Louis Hartman, S. Sperling, Louis Rabinowitz, Moshe Idel, og Marvin Fox, "God, Names of" i Michael Berenbaum og Fred Skolnik (red), Encyclopaedia Judaica, andre utgåve, Detroit: Macmillan, 2007. Bind 7, ss 672-678.