Elsa Beskow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elsa Beskow (11. februar 187430. juni 1953) var ein svensk forfattar og biletkunstnar som er særleg kjend for ei rekke vakre barnebøker.

Ho var fødd Elsa Maartman i Stockholm og utdanna seg innan kunstindustri ved Tekniska skolan der. I 1897 gifta ho seg med teol. dr. Natanael Beskow. Dei fekk sonen Bo Beskow, som òg skulle bli kunstnar.

Gjennombrotet til Elsa Beskow kom i 1901 med boka Puttes äventyr i blåbärsskogen. Gjennom ein lang karriere gav ho ut bøker fram til 1952, året før ho døydde.

På 1930-talet var Elsa Beskow med i utforminga av ei ny lesebok for det svenske skuleverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]