Else Marthe Sørlie Lybekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Else Marthe Sørlie Lybekk i 2008, i Leipzig-drakt

Else Marthe Sørlie Lybekk (fødd 11. september 1978) er ein norsk, tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.

Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1998 – Gull
  • VM 1999 – Gull
  • OL 2000 – Bronse
  • EM 2000 – 6.plass
  • VM 2001 – Sølv
  • EM 2002 – Sølv
  • VM 2003 – 6.plass
  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland
  • VM 2007 – Sølv
  • OL 2008 – Gull

Merittar klubblag[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: Cupmeister med Nordstrand IF
  • 2006: Serie- og cupmeister med HC Leipzig
  • 2007: Cupmeister med HC Leipzig
  • 2008: Cupmeister med HC Leipzig

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:NHF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]