Elton John's Greatest Hits Volume II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elton John's Greatest Hits Volume II
Samlealbum av Elton John
Utgjeve 13. september 1977
Innspelt 1971, 1974 – 1976
Sjanger Pop, rock
Lengd 49:51
Selskap MCA Records, Polygram
Produsent Gus Dudgeon
Kritikk
Elton John-kronologi
Blue Moves
(1976)
Elton John's Greatest Hits Volume II A Single Man
(1978)

Elton John's Greatest Hits Volume II er eit samlealbum av den britiske songaren Elton John, utgjeve i 1977.

Albuminformasjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire versjonar av albumet. Det vart opphavlege utgjeve to versjonar, ein i USA og Canada og ein annan for Storbritannia og resten av verda, begge lansert i 1977. Den britiske versjonen, utgjeve på DJM Records, innehalde «Bennie and the Jets» frå albumet Goodbye Yellow Brick Road, som i forkant hadde vorte utgjeve på singel i Elton Johns heimland. I Nord-Amerika, der albumet vart utgjeve av MCA Records, hadde denne songen allereie dukka opp på det første samlealbumet Elton John's Greatest Hits frå 1974. Det vart erstatta med «Levon», ein endå eldre song frå albumet Madman Across the Water, utgjeve i 1971.

Albumet innehalde òg to songar som seinare skulle bli erstatta, «Sorry Seems to Be the Hardest Word» og «Don't Go Breaking My Heart», begge frå 1976. Dette var dei nyaste songane på samlinga.

Alle versjonane inneheld «The Bitch Is Back», «Someone Saved My Life Tonight», «Philadelphia Freedom», «Island Girl», «Grow Some Funk of Your Own» og coverversjoner av «Lucy in the Sky with Diamonds» og «Pinball Wizard».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Original nordamerikansk versjon

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Bitch Is Back»   Elton John/Bernie Taupin 3:42
2. «Lucy in the Sky with Diamonds»   John Lennon/Paul McCartney 5:58
3. «Sorry Seems to Be the Hardest Word»   Elton John/Bernie Taupin 3:43
4. «Don't Go Breaking My Heart» (duet with Kiki Dee) Ann Orson/Carte Blanche 4:23
5. «Someone Saved My Life Tonight»   Elton John/Bernie Taupin 6:45
6. «Philadelphia Freedom»   Elton John/Bernie Taupin 5:38
7. «Island Girl»   Elton John/Bernie Taupin 3:45
8. «Grow Some Funk of Your Own»   Elton John/Bernie Taupin/Davey Johnstone 4:45
9. «Levon»   Elton John/Bernie Taupin 5:22
10. «Pinball Wizard»   Pete Townshend 5:08

Original internasjonal versjon

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Bitch Is Back»   Elton John/Bernie Taupin 3:42
2. «Lucy in the Sky with Diamonds»   John Lennon/Paul McCartney 5:58
3. «Sorry Seems to Be the Hardest Word»   Elton John/Bernie Taupin 3:43
4. «Don't Go Breaking My Heart» (duett med Kiki Dee) Ann Orson/Carte Blanche 4:23
5. «Someone Saved My Life Tonight»   Elton John/Bernie Taupin 6:45
6. «Philadelphia Freedom»   Elton John/Bernie Taupin 5:38
7. «Island Girl»   Elton John/Bernie Taupin 3:45
8. «Grow Some Funk of Your Own»   Elton John/Bernie Taupin/Davey Johnstone 4:45
9. «Bennie and the Jets»   Elton John/Bernie Taupin 5:10
10. «Pinball Wizard»   Pete Townshend 5:08

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]