Elva Bièvre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bièvre
Bièvre ved Fresnes
Bièvre ved Fresnes
Utspring Île-de-France
Munning Seinen
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 25,4 km
Middelvassføring 0,2 m³/s
Nedslagsfelt 201 km²

Bièvre er ei elv i Île-de-France i Frankrike, som munnar ut i Seinen i Paris. Namnet tyder «bever» på norsk.

Den noverande leia skal ha vorte endra frå den opphavlege leia for å gje vatn til eit kloster utanfor bymuren til Phillipe-Auguste. Denne omleiinga kan ein sjå på kart over Paris frå 1200-talet. Tidlegare var elva kraftig industrialisert med møller for mange garveri. Dette førte med seg alvorleg forureining, som framleis er eit problem i dag. I dag renn elva i tunnelar under Paris, men ein har tenkt på å om ein skal opne visse delar av elva.

Bièvre har sitt utspring i Guyancourt i departementet Yvelines. Frå her renn elva gjennom følgjande departement og landsbyar:

Elva renn inn i Paris nær Stade Charléty, og munnar ut i Seinen i Latinarkvarteret nær Île de la Cité.