Elva Etna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Etna litt nord for Helleristingane ved Møllerstufossen
Etna er ei elv i Etnedal og Nordre Land kommune i Oppland. Ho kjem ut frå Steinsetfjorden (796 moh.) nord i Etnedal, og renn i søraustover til ho når Bruflat og dreier austover. Etter nokre fall er ho ute i den flate dalbotn i vestlege område av Nordre Land og flyt relativt stille til ho når Randsfjorden.
Ved utløpet i Randsfjorden dannar ho eit delta som er verna naturreservat[1].
Elva passerer to markante bruer på vegen, Lunde bro og Høljarast bro. Den første er den lengste steinkvelvsbrua i Nord-Europa og ved den siste er det reist eit krigsminnesmerke for kampar under den andre verdskrigen. Det er òg fleire andre minnesmerker langs elva.
Ved Møllerstufossen er det helleristingar.
Etna er verna med omsyn til Verneplan IV for vassdrag.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Etna (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

