Elva Lys i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg elva Lys i Frankrike.
Lys
Lys ved Gressoney-Saint-Jean i Aostadalen
Lys ved Gressoney-Saint-Jean i Aostadalen
Utspring Monte Rosa
- Høgd 2 500 m
Munning Dora Baltea
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 40 km

Lys er ei 40 km lang elv i Aostadalen i Italia som renn frå Lysbreen i Monte Rosa-massivet ved foten av Vincent-Pyramide (4 215 m) og gjennom Lysdalen før ho munnar ut i Dora Baltea frå høgre ved Pont-Saint-Martin.

Av sideelvar frå venstre finn ein Torrente Avan-cir, Torrente Giassit, Torrente Loo, Torrente di Mos, Torrente Niel, Torrente Pacoulla og Torrente Tourrison. Frå høgre finn ein Rio di Nantay, Torrente Stolen og Torrente Valbona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]