Elva Nidda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nidda
Elvemunningen til Nidda
Elvemunningen til Nidda
Utspring Vogelsberg
Munning Main
Land i nedslagsfelt Tyskland Tyskland
Lengd 98 km

Nidda er ei elv i Hessen i Tyskland, og ei av sideelvane til Main frå høgre. Ho har sitt utspring i Vogelsberg i Taufsteinfjella nær byen Schotten og renn gjennom Niddastausee og byane Nidda, Niddatal, Karben og Bad Vilbel. Ved Harheim når ho Frankfurt am Main og etter 98 km munnar ho ut i Main i Höchst i Frankfurt.

På 1920- og 1960-talet vart Nidda regulert for å redusere fare for flaum. Dei mange buktingane i elva vart verande att som små vatn, medan elveleiet vart gjort rettare og djupare. Sidan 1993 har ein delvis arbeidd for å tilbakeføre Nidda til det naturlege elveleiet.

Sideelvane til Nidda er Eichelbach og Nidder frå venstre og Horloff, Wetter, Erlenbach, Eschbach, Kalbach, Urselbach, Steinbach og Sulzbach.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]