Elva Oise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oise
Båtar på Oise, Charles-François Daubigny, 1865.
Båtar på Oise, Charles-François Daubigny, 1865.
Utspring Hainaut
- Høgd 309 m
Munning Seinen
Land i nedslagsfelt Frankrike, Belgia
Lengd 302 km
Middelvassføring 110 m³/s
Nedslagsfelt 17 000 km²

Oise er ei elv i Belgia og Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre med ei total lengd på 302 km. Ho har sitt utspring i den belgiske provinsen Hainaut, sør for landsbyen Chimay. Ho kryssar grensa til Frankrike etter om lag 20 km og munnar ut i Seinen i Conflans-Sainte-Honorine, nær Paris. Den største sideelva hennar er Aisne.

Busetnadar langs elva[endre | endre wikiteksten]

Oise renn gjennom følgjande département og landsbyar i Frankrike:

Skipsfart[endre | endre wikiteksten]

Oise har lenge spelt ei viktig rolle i innlands skipsfart. Ho vil verte ein enno viktigare vassveg når kanalen Seine-Nord vert ferdig, som knyter Oise opp til det store kanalsystemet i Nord-Frankrike. Seine-Nord vil erstatte den gamle Canal de Saint Quentin og den noverande Canal du Nord, som har kapasitet som er langt under standard. Når den nye Seine-Nord-kanalen er ferdig vil større fartøy kunne transportere varer mellom elva Seinen (og Paris-området) og hamnene i Dunkerque, Antwerpen og Rotterdam, eller lenger inn i andre delar av Europa.

Sjølv i dag er Oise kanalisert for å ta store fartøy, men tørke og den frie høgda under bruene avgrenser kapasiteten. Dei sju slusene (i tillegg til to i kanalen frå Oise) kan ta fartøy på 110 gonger 11,45 meter gjennom elva og kanalen til Pont l'Évêque, der ho går ut i Canal du Nord. Lenger opp i elva frå Pont l'Évêque, ligg det ein kanal som har kapasitet avgrensa til Freycinet-standarden (38 x 5 meters).

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Høgre side[endre | endre wikiteksten]

Venstre side[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elva Oise