Elva Provadija

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provadija
Provadija
Provadija
Utspring Ludogorie, nord for Sjumen i Bulgaria
Munning Devnjasjøen
Land i nedslagsfelt Bulgaria
Lengd 119 km
Nedslagsfelt 2 132 km²

Provadija (Провадийска река, Provadijska reka, kalla opp etter landsbyen Provadija) er ei elv nordaust i Bulgaria. Ho er 119 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 132 km². Elva har sitt utspring nær landsbyen Dobri Vojnikovo i provinsen Sjumen. Ho renn søraustover før ho brått snur nordaustover og munnar ut i Devnjasjøen ved Devnja. Elva er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet via Devnjasjøen, som er forbunde med Varnasjøen, som igjen er forbunde med Svartehavet.