Elva Santa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santa
elv
Land  Peru
Kart
Elva Santa
8°58′21″S 78°38′19″W / 8.9725°S 78.63861111°W / -8.9725; -78.63861111
Wikimedia Commons: Santa River

Santa er ei 347 kilometer lang elv i Ancash-regionen i Peru med utspring i Laguna Conococha, 4 050 moh. i Andesfjella og utlaup i Stillehavet.

Laguna Conococha sjølv samlar vatn frå Cordillera Negra i vest og dei snøkledde Cordillera Blanca i aust. Men største vasstilførsel får Laguna Conococha frå elva Tuco som har kjelde i Laguna Tuco (9°56′40″S 77°11′44″W / 9.94444°S 77.19556°W / -9.94444; -77.19556) ca. 5 000 moh.ved kanten av ein brearm frå Nevado de Tuco.

Øvste delen av Santa renn 200 kilometer mot nord-nordvest mellom Cordillera Negra og Cordillera Blanca i gjennom den frodige dalen Callejón de Huaylas. I ei høgd på omkring 2 000 moh. dreier ho ca. 90 grader mot vest-sørvest i retning Stillehavet, pressar seg gjennom juvet Cañon del Pato før ho bryt seg gjennom høgdedraga mot kysten og endar 10 km nord for hamnebyen Chimbote.

Opphavleg var det stor fluktuasjon i vassføringa i Santa. I dag er det konstruert og bygd kunstige reservoar for å regulere fluktuasjonen. I den tørre årstida frå juni til november gjev elva berre mindre mengder vatn til irrigasjon, drikkevatn og til vasskraftverk. Ovanfor kraftverket ved Huallanca er arealet på nedslagsfeltet på ca. 4 900 km², nedanfor kjem 7 300 km² i tillegg.

Dalen Santa har opplevd alvorlege naturkatastrofar gjennom alle tider. Frå 1702 av vart det første gong gjort nedteikningar og då skjedde det ein glasiologisk flaum. Dalen har hatt gjentatte hendingar med døydde og øydeleggingar etter det. I 1941var ein flaum årsak til tap av 5 000-7 000 menneskeliv og ein tredel av Huaraz vart øydelagt. I 1962 dundra eit massivt skred av is og stein ned i elvedalen slik at elva Santa steig åtte meter og 3 000-4 000 menneske vart drepne i katastrofen. Jordskred som desse vil alltid truge regionen. Det skjer når fallande is løyser ut plutselege uttømmingar av isdemningar som fører til at flytande jordsøle, isblokker og store steinar brakar ned dei tronge dalføra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Elva Santa