Elva Struma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Struma
Utspring Nordsida av Vitosja i Bulgaria
- Høgd 2 180 m
Munning Egearhavet i Hellas
Land i nedslagsfelt Bulgaria, Hellas
Lengd 415 km
Middelvassføring frå 2 m³/s ved Pernik til 76 m³/s ved Marino pole
Nedslagsfelt 10 797 km² i Bulgaria

Struma eller Strymónas (bulgarsk Струма, gresk Στρυμόνας) er ei elv i Bulgaria og Hellas. Det antikke namnet var Strymōn (gresk: Στρυμών). Nedslagsfeltet i Bulgaria er om lag 10 800 km². Ho har sitt utspring i fjellet Vitosja i Bulgaria, og går først vestover, og så sørover. Ho kryssar grensa til Hellas ved landsbyen Kula og munnar ut i Egearhavet nær Amfípoli i periferieininga Sérres. Lengda på elva er 415 km, der 290 km er i Bulgaria. Dette er dermed den femte lengste elva i Bulgaria.

Nedslagsfeltet til Struma

I den bulgarske delen av elvedalen vert det utvinne kol, medan jordbruk dominerer den greske delen av dalen, som er den fjerde største i Hellas. Av sideelvar finn ein Rila, Dragovisjtitsa, Blagoevgradska Bistritsa, Konska, Sandanska Bistritsa og Aggitis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den antikke greske byen Amphipolis vart grunnlagd der elva munnar ut i Egearhavet, ved ein stad som tidlegare vart kalla Ennea Odoi (Ni vegar}. Då Xerxes I av Persia kryssa elva under invasjonen hans i 480 fvt. gravla han ni unge menn og ni unge jomfruer som eit offer til elveguden. Hæren til Alexander I av Makedonia slo restande av Xerxes sin hær nær Ennea Odoi i 479 fvt. I 424 fvt. kapra Brasidas, ein general frå Sparta, Amphipolis etter å ha kryssa heile den greske halvøya. Slaget ved Kleidion vart utkjempa ved elva i 1014.

I 1913 vart den greske hæren fanga i Kresnajuvet, som Struma renn gjennom, under Den andre balkankrigen. Bulgararane tapte derimot krigen, og Bucharesttraktaten frå 1913 førte til at Bulgaria mista store landområde.

Skipet Struma, som førte jødiske flyktningar frå Romania under den andre verdskrigen, sokk i Svartehavet og nesten 800 mista livet. Skipet er kalla opp etter elva.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]