Elva Strumitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strumitsa
RekaStrumeshnicaiKojuh.jpg
Utspring Plačkovica i Makedonia
Munning Struma i Bulgaria
Land i nedslagsfelt Bulgaria, Republikken Makedonia
Lengd 114 km

Strumitsa (makedonsk og bulgarsk Струмица) er ei elv i Republikken Makedonia og Bulgaria. Han renn gjennom byen Strumitsa og er ei sideelv til Struma.

Ho har kjelda si i fjellet Plačkovica i Radoviš kommune i Republikken Makedonia og renn sørover gjennom ein djup dal og vert så kalla Stara Reka. Ho renn så inn i Radovišdalen og gjennom byen Radoviš. Etter kvart snur ho søraustover og gjennom Strumitsadalen (Vasilevo, Strumitsa og Novo Selo kommune), og renn så gjennom byen Strumitsa før ho snur austover og inn i Bulgaria sør for Zlatarevo. Ho munnar ut i Struma frå høgre nordaust for Mitino, ikkje langt frå Rupite.

Elvar har ei total lengd på 114 km, der 81 km er i Republikken Makedonia og 33 km i Bulgaria. Ho er den lengste sideelva til Struma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]