Elvan Abeylegesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvan Abeylegesse

Elvan Abeylegesse i Budapest i 2010.
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Etiopia, Tyrkia
Fødd 11. september 1982 (41 år)
Addis Abeba
Yrke maratonløpar, friidrettsutøvar, langdistanseløpar
Språk tyrkisk
Høgd 159 centimeter
Elvan Abeylegesse på Commons

Elvan Abeylegesse (fødd 11. september 1982) er ein tyrkisk mellom- og langdistanseløpar. Ho er fødd i Etiopia, men flytte til Tyrkia og fekk tyrkisk statsborgarskap om lag ved tusenårsskiftet. Ho har tevla på distansane 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, to engelske mil og terrengløp.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ein av Abeylegesse sine største prestasjonar er då ho sette ny verdsrekord på 5000 meter under Bislett Games i Fana den 11. juni 2004. Rekorden vart på 14.24,68 og var nesten tre og eit halvt sekund betre enn den førre rekorden. For denne prestasjonen fekk ho Bislett-medaljen.[1]

Frå friidretts-EM har Abeyelegesse ein bronse på 5000 meter frå Göteborg i 2006, sølv på 5000 meter frå Barcelona i 2010 og gull på 10 000 meter under same EM. Hennar einaste VM-medalje er sølv på 10 000 meter frå VM i friidrett 2007 i Osaka, då Tirunesh Dibaba vann.

I OL-samanheng har Abeylegesse to sølv; på 5000 meter og 10 000 meter frå sommar-OL 2008 i Beijing. Begge gongene gjekk gullet til etiopiske Tirunesh Dibaba. Det er også Dibaba som har den gjeldande verdsrekorden i 5000 meter for kvinner. Abeylegesse har likevel framleis europarekorden på 10 000 meter, som ho sette under OL i Beijing.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]