Elvar i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dette er ei lislte over elvar i Antarktis.

Smeltevasselv i Antarktis
Elv Kommentar
Adams Stream Ei elv av smeltevatn, 800 meter lang. Ho flyt frå snuten av Adamsbreen til Lake Miers i Miers Valley, Denton HillsScott Coast.[1]
Aiken Creek Ei elv av smeltevatn i Taylor Valley i Victoria Land, som flyt nord frå ein namnlause isbre vest for Walesbreen til Many Glaciers Pond, så vest til Lake Fryxell. Elva er 6 km lang og tar i mot fleire sideelvar på veg frå Walesbreen.[2]
Alph River Ei elv av smeltevatn
Lawson Creek Ei elv av smeltevatn, 400 m lang som flyt søraust frå sørvestenden av Rhonebreen i det nordvestlege hjørnet av Lake Chad i Taylor Valley i Victoria Land.[3]
Onyx River Ei elv av smeltevatn
Priscu Stream Ei elv av smeltevatn, 3,8 km lang og som flyt sørvest frå søraustenden av Lacroixbreen i nordaustenden av Lake Bonney i Taylor Valley i Victoria Land.[4]
Rezovski Creek Ei elv av smeltevatn, 500 m lang, som flyt frå nordvestsida av Balkan snømark mellom Hesperides Hill, Atlantic Club Ridge, Krum Rock og Sinemorets Hill aust på Livingston Island.
Surko Stream Ei elv av smeltevatn, 1,5 km sør for Gneiss Point på kysten av Victoria Land. Ho flyt frå fronten av Wilson forlandsbre og flyt austover til Arnold Cove.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]