Elvdalsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elvdalsk
Andre namn: dalska, dalmål
Klassifisering: Indo-europeisk
 Germansk
  Nordisk
   Austnordisk
Bruk
Tala i: Flag of Sweden.svg Sverige
Område: Dalarna
Elvdalsktalande i alt: 1 500 (år 1996)[1]
Skriftsystem: Latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-3: dlc

Elvdalsk (elvdalsk övdalsk; svensk älvdalsmål, älvdalska) vert tala i Älvdalen i Dalarna-området i Sverige. Det finst om lag 3 000 menneske som talar elvdalsk, og det finst òg bøker og tidsskrift på målet. Elvdalsk var lenge sett på som ein dialekt, men rundt byrjinga av 2000-talet har det vore debatt og kontrovers om elvdalsk er ein dialekt av svensk eller eit eige språk, og det har fått ein eigen ortografi.

Elvdalsk stammar frå det fellesnordiske språket oldnordisk, som gav utspring til dei samtidige språka norsk, islandsk, svensk, dansk og dialektar og variantar av desse. Mange språkforskarar ser på målet som meir «opphavleg» svensk enn rikssvensk, som av sosioøkonomiske grunnar er basert på dialektane som fanst i Mälardalen på tida då språket vart skriftlagt.

Språklege særdrag[endre | endre wikiteksten]

Elvdalsk skil seg frå andre nordiske språk med det at det har teke vare på fleire norrøne trekk enn dei andre. Døme på dette er nasale vokalar (til dømes buotję, 'boka'), bøying i fleire kasus (til dømes wargen ietter Grobien nominativ 'Vargen heiter Gråbein', ig såg wardjin akkusativ 'eg såg vargen', ig djäv wardjem tjyöt dativ 'eg gjev vargen kjøt', wardjemes bien ir åv genitiv 'vargen sitt bein er av'), morfeminndeling med fire typar stavingar (dvs. eistavingsord, kortstavingsord, langstavingsord og overlangstavingsord; svensk har berre dei to stavingstypane einstavingsord og langstavingsord (norsk: morfem I og II)), mellom anna ð-konsonantsystem (tilsvarar tonande th i engelsk father, til dømes guoð 'god'), med meir. Elvdalsk har òg nye, sekundære tviljodar — noko som pla vera vanleg i svenske dialektar, og som framleis finst i mellom anna gotlandsk — som er:

  • ai (frå eldre lang i, som til dømes i baita 'bita')
  • uo (frå eldre lang o, som til dømes i suol 'sol')
  • au (frå eldre lang u, som til dømes i aus 'hus')
  • åy (frå eldre lang y, som til dømes i åysa 'hysa')
  • (frå eldre lang ö, som til dømes i myöta 'möta')
  • ie (frå eldre lang e, som kjem frå den oldnordiske tviljoden æi, som til dømes i stien, 'stein').

Dessutan har den elvdalske treljoden iuo (frå eldre utona i + tona lang o, til dømes i biuoða 'bjoda').

Kjende elvdalsk-talarar[endre | endre wikiteksten]

  • Lena Willemark, folkemusikar og songar
  • Ulrika Andersson, meteorolog på svensk TV4

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]