Elverumsfullmakta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elverumsfullmakta var ei fullmakt regjeringa fekk frå StortingetElverum 9. april 1940 til å «ivareta rikets anliggender» så lenge Stortinget på grunn av krigen ikkje kunne samlast.

Etter overfallet på Noreg ynskte regjeringa Nygaardsvold å gå av, men stortingspresident Hambro fekk til ei ordning slik at regjeringa vart utvida med tre konsultative statsrådar frå dei borgarlege partia, og det vart protokollert at regjeringa hadde denne styringsfullmakta til «presidentskapet i overensstemmelse med regjeringen innkaller Stortinget til møte igjen».

Det har stått strid om denne fullmakta. Det vart ikkje votert formelt, stortingspresidenten refererte fullmakta noko ulikt ved to høve, og ho vart ikkje førd til protokolls før regjeringa kom til London. Statsrettslege vurderingar i ettertid har likevel konkludert med at regjeringa både ut frå grunnlova og ut frå den kritiske situasjonen hadde ei slik fullmakt, og at den fullmakta låg der anten Stortinget voterte eller ikkje.

Bakgrunnen for avtala var dei ventande forhandlingane med Tyskland, det var neppe nokon som såg for seg at dette skulle bli ei generalfullmakt for ei regjering i eksil. Fullmakta danna likevel eit viktig grunnlag for styret og lovgjevinga til regjeringa i krigsåra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]