Emden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emden
EmdenRatsdelftÜberblick.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Emden
Emden is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 852
Geografi
Flatevidd
 - By

112,33 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

51 692
  460/km²
Koordinatar 53°22′1″N 7°12′22″EKoordinatar: 53°22′1″N 7°12′22″E
Høgd over havet 1 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 26721, 26723, 26725
Telefon-retningsnummer 04921, 04927
Bilnummer EMD
Heimeside: www.emden.de

Emden er ein hamneby i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Ems. Byen er den største i området Ostfriesland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein veit ikkje eksakt kortid Emden vart grunnlagd, men han har i vert fall eksistert sidan 700-talet. Eldre namn på Emden er Amuthon, Embda, Emda, Embden. Emden fekk byrettar av keisar Maximilian I i 1495.

Emden vart ein svært rik by på 1600-talet på grunn av mange nederlandske emigrantar. Han vart eit senter for protestantisme på denne tida og produserte dei første biblanenederlandsk. Under napoleontida vart Emden og Ostfriesland ein del av det kortvarige Kongedømet Holland.

Industrialiseringa starta rundt 1870 med ein papirfabrikk og eit noko større skipsverft. Mot slutten av 1800-talet vart ein stor kanal, Dortmund-Ems-kanalen, konstruert, som knytte Emden til Ruhr-området. Dette gjorde Emden til «hamna i Ruhr-området», ei rolle han hadde fram til 1970-åra. Kol frå sør vart transportert til hamna ved Nordsjøen og importert jernmalm vart ført via kanalen til Rhinen og Ruhr. Det siste skipet med jernmalm til Ruhr gjekk ut i 1986.

I 1903 vart det bygd eit stort skipsvert (Nordseewerke) som framleis er i drift.

Byen vart nesten utsletta under den andre verdskrigen og nesten alle dei historiske bygningane forsvann. Det mest alvorlege bombeåtaket fann stad 6. september 1944, då om lag 70 % av alle husa i sentrum av øydelagd. Verdt å merke seg er at skipsverftet nesten var uskada og at britane hadde dei sivile områda som mål. Ein trur at dette var hemn for nazistane si bombing av ein engelsk by. Den rekonstruerte byen vart opna 6. september 1962, nøyaktig 18 år etter bombinga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Emden

Kjelder[endre | endre wikiteksten]