Emil André Erstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emil André Erstad

Fødd9. august 1991 (32 år)
Manger
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti (2008; 2019)
Yrkepolitikar, politisk rådgiver
Utdanna vedDet samfunnsvitenskapelige fakultet
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017) Sjå dette på Wikidata

Emil André Erstad (fødd 9. august 1991 i Bergen) er ein norsk politikar, vald som leiar i KrFU frå 20. oktober 2013. Han kjem frå Manger i Radøy kommune.[1] Frå 2012 var han 1. nestleiar i ungdomspartiet og fylkesleiar i Hordaland KrFU. Han har studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.[2] Han arbeidde i Tankesmien Agenda frå 2015 til 2019. I 2019 fekk han stillinga som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité.[3]

I 2016 gav han ut boka Farvel, SyriaDet Norske Samlaget.

Erstad starta ein underskriftsaksjon for å få den sosiale nettstaden Facebook på nynorsk. I april 2014 vart Erstad vald inn i styret i Noregs Mållag. Han har ogso markert seg som ein talsmann for eit breiare KrF, og har mellom anna tatt til orde for å invitere muslimar inn i partiet og sagt at han vil gå i homoparadar.[4] Han har ogso utfordra moderpartiet til å gå inn for ekteskap og adopsjon for homofile, noko som skapte debatt i januar 2014.[5]

Som friidrettsutøvar i tenåra for FIL AKS-77 vart hans personlege rekord på 800 meter på 1.55,18.[6] Erstad gjekk på toppidrettslinja ved Tertnes vidaregåande skule frå 2007 til 2010.[7] Han var ein periode Noregs beste 16-åring gjennom alle tider på 600 meter. Her presterte han 1.23,07 i 2007.[8] Denne aldersrekorden har seinare blitt sletta. Erstad tok fleire gullmedaljar i ungdoms-NM.[9]

Erstad var vinnar av radioprogrammet Påskelabyrinten i 2019.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. november 2013, henta 6. april 2014 
  2. «Emil André Erstad». Agenda Magasin (på norsk bokmål). Henta 26. februar 2019. 
  3. «Emil André Erstad». Den norske Helsingforskomité (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 26. februar 2019. Henta 26. februar 2019. 
  4. «KrF-topper ber ny KrFU-leder roe seg». Dagen. 18. oktober 2013. Henta 29. desember 2017. 
  5. Bruland, Roger Sevrin (14. januar 2014), «KrFU-leder åpner for homoekteskap», NRK (på norsk bokmål), henta 14. mai 2019 
  6. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 20. mars 2014. Henta 20. mars 2014. 
  7. «- Må dere spy? Flott!», Bergens Tidende (på norsk bokmål), henta 14. mai 2019 
  8. Emil Andre Erstad sletta ein 37 år gamal aldersrekord i Stordleikane, Kondis.no
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. april 2014, henta 6. april 2014 
  10. Bøl, Kristina, «Emil André vann Påskelabyrinten: – Deilig!», Strilen, henta 14. mai 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]