Emil Aubert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Michael Conrad Sophus Emil Aubert (2. juli 18118. november 1872) var ein norsk jurist og embetsmann.

Aubert var fødd i Christiania, far hans var offiser (generalmajor). Han vart student frå katedralskulen i hovudstaden i 1828 og cand. jur. i 1835. I studieåra var han medlem av krinsen omkring Henrik Wergeland. Tida 1836-41 var han sorenskrivarfullmektig, frå 1841 prokurator ved stiftsoverretten i Bergen. Frå 1847 var han i fem år sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen, medan han frå 1852 var amtmann i Nordre Bergenhus, busett i Lærdal. 1860-66 var han borgarmeister i Trondheim. Sorenskrivar på ny, 1866-72, då i Nordre Jarlsberg.

1846-47 reiste Aubert, med offentleg stipend, i England, Skottland, Frankrike, Belgia og dei prøyssiske rhinprovinsane for å studere juryvesenet i desse landa. Etter reisa gav han ut det omfattande arbeidet Om mundtlig rettergang og edsvoren (1849).

Aubert var i 1851 stortingsrepresentant for Nordlands amt. Han var sekretær av justiskomite nr 1 og medlem av lovkomiteen. På omframstortinget 1864 møtte han for Trondheim og Levanger som varamann for Hans Peter Jenssen, medlem av Lagtinget.

Han døydde 1872 i Sande i Vestfold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]